Hopp til innhold

Det kan bli mykje dyrare å gå til tannlegen

Det blir no opna opp for ein langt høgare eigendel for å gå til offentlege tannlegar i Sogn og Fjordane for at fylkeskommunen skal klare kutta på 11 millionar.

21772543 At the dentist

SKAL KUTTE: Fylkeskommunen skal kutte mange millionar i den offentlege tannhelsetenesta.

Foto: Frank May / NTB scanpix

I dag er det ein eigendel på 135 kroner på reise kvar veg til og frå dei offentlege tannklinikkane her i fylket. Men fylkestannhelsetenesta er pålagt kraftige kutt.

– I dag har vi ein eigendel på 135 kroner, og det er veldig lite i høve til andre fylkeskommunar. Vi har fylkeskommunar som har ein eigendel på 1000 kroner per pasient, seier tannhelsedirektør Clara Øberg til NRK.

Ho vil ikkje seie noko om kor høg eigendelen kan bli her i fylket, men reaksjonane på kuttforslaga i den offentlege tannhelsetenesta har ikkje lete vente på seg. Øberg går inn for å kutte 13 offentlege tannklinikkar i fylket.

FFO er uroa

– Vi ser med uro på dette. Eldre og uføre er kanskje dei med mest behov for tannlegehjelp. At dette blir ei ytterlegare påkjenning både økonomisk og praktisk er det vel ikkje tvil om.

Det seier dagleg leiar Tone Sandvik i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i Sogn og Fjordane. Å kutte i talet på tannklinikkar og samtidig auke eigendelen, opplever dei som ei dobbel straff.

– Eg ser jo at fylkeskommunen er hardt pressa økonomisk, men kvifor skal ein ha det så frykteleg travelt med å gjennomføre desse kutta? Alle må bidra, men vi ser ofte at det er våre grupper som blir taparane, meiner Sandvik.

– Ikkje nokon god idé

Clara Øberg peikar på at saka no skal ut på høyring, og at ingenting er hogge i stein før fylkespolitikarane har teke ei avgjerd.

– Men det er klart at vi er avhengige av at alle dei forslaga som ligg i planen blir vedtekne for at vi skal nå målet om ei innsparing på 11 millionar, seier Øberg.

Fylkesutvalsmedlem for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, vil ikkje slå fast noko før saka har vore ute på høyring. Men kva synest han om å auke eigendelen?

– Det høyrest ikkje ut som nokon god idé, men vi lyt først og fremst få lagt ut saka på høyring og ta det derfrå, seier Reksnes.