Hopp til innhold

Det grøne skiftet gjev rekordprisar på tømmer

Prisen på tømmer har auka med 30 prosent det siste året. Meir bruk av trevirke i bygg er avgjerande.

Jakob Grøsvik

STOR ETTERSPURNAD: Maskinførar Jakob Grøsvik kan dele opp fleire tre i minuttet.

Foto: Bård Siem / NRK

Hogstmaskina feller og kvistar grantre i eit forrykande tempo på Haugen gard på Robjørgane i Stryn. I løpet av eit par hektiske månader skal det hoggast 5000 stokkar på tre eigedomar i grenda. Dette svarar til om lag 2500 kubikkmeter tømmer.

– Store delar av hogstfelta er vaksne ferdig. Tida var komen for å hogge, fortel grunneigar Even Dispen.

Skogshogst i Stryn

NETTO TILVEKST: Framleis er det meir tilvekst av skog i Noreg enn det som blir hogge.

Foto: Bård Siem

Det at prisen på skurtømmer har auka med 30 prosent det siste året bidrar til at det gjekk mot rekordhogst i 2021.

Den tidlegare rekorden var frå 2019. Då vart det hogge 11,2 millionar kubikkmeter tømmer i Noreg.

Prognosen for i år er på 11,4 millionar kubikkmeter, men dei endelege tala vil først vere klare seinare i januar.

Det er på sagtømmer prisen har auka mest, og der spelar det grøne skiftet inn.

– Vi ser at det grøne skiftet gir auka etterspurnad etter trevirke i byggemarknaden både i Noreg og internasjonalt, seier Trond Svanøe-Hafstad, leiar for skogseksjonen i Landbruksdirektoratet.

Han fortel at skognæringa er ein syklisk bransje der marknaden og prisane svingar over tid.

Samtidig spår han at det grøne skiftet vil føre til auka bruk av tre på alle marknadsområde i åra som kjem.

Ikkje minst vil massevirke frå tre erstatte plastemballasje, biokol og dyre- og fiskefôr.

Den sterke prisauken det siste året har derimot ikkje vore avgjerande for hogsten i Robjørgane.

– Vi ville hogge uansett, seier Dispen.

Skogeigar Even Dispen og skogsarbeidar Jakop Grøsvik på Robjørgane i Stryn.

BRA TIDSPUNKT: Skogeigar Even Dispen og Jakob Grøsvik (t.h) har fått med seg at tømmerprisane er historisk høge.

Foto: Bård Siem / NRK

Trass i prisauken er skoghogst ikkje ein lukrativ bransje for små skogeigarar, meiner Dispen. Han viser mellom anna til at det vil ta 70 år før ein igjen kan hogge skog i området.

Fleire årsaker til auken

Nokre mil lenger vest, på Kvamen tømmerkai i Fjaler, ligg det lange og høge tømmerstablar.

– Dette er tømmer av god kvalitet som er hogge i nærområdet, fortel Helge Kårstad i Kystskogbruket. Selskapet jobbar for auka hogst langs norskekysten.

Like over nyttår skal tømmeret over i lasteskip og sendast til eit stort sagbruk i Wismar i Tyskland.

Helge Kårstad

HØG TØMMERPRIS: Helge Kårstad i Kystskogbruket seier det grøne skiftet er ei av fleire årsaker til høge prisar akkurat no.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kårstad har aldri opplevd eit større sug i marknaden og aldri før har det vore skipa ut større mengder frå Kvamen tømmerkai.

– Vi har venta på dette i fleire år, seier han.

Han peikar på fleire årsaker til dei historisk høge prisane no.

  • Større fokus på klima har også gitt større fokus på tre i bygg.
  • Denne trenden har blitt forseinka av billeangrep i ulike delar av verda. No er det tømmeret vekk, så då er det stor etterspurnad etter skurtømmer.
  • Energibruken har endra seg. Til dømes har danskane kutta ut kolkraftverk. Dei kjøper mykje flis frå Noreg.
  • Vi kjøper mykje på nett, der det er stor etterspurnad etter emballasje. Det som går til emballasje er godt betalt.

Problem for byggebransjen

NRK har tidlegare omtalt korleis dei høge trelastprisane skapar utfordringar for byggebransjen i Noreg. Eit hus som i 2020 kosta 3 millionar kroner, vil i 2021 fort koste mellom 3,3 og 3,5 millionar kroner.

Boligprodusentenes Forening peikar på dei høge prisane som den viktigaste årsaka til at det frå juli til november var rekordlågt sal og oppstart av nye bustadprosjekt. Tala er dei lågaste sidan 2010.

– Skulle bustadbygginga falle ytterlegare i 2022, vil dette føre til lågare sysselsetting innan bustadbygginga, seier adm.dir., Per Jæger.

Han fryktar at prisen på bustadar i byane vil stige ytterlegare.

Eit lite lyspunkt for bransjen var november. Då vart det starta bygging av 28 prosent fleire bustader enn same månad i 2020.