Hopp til innhold

Det er stor fare for etterskred

Mildvêret og nedbør dei komande dagane aukar fara for etterskred i Fjærland. Familien i det råka området er evakuert fram til fredag.

Skred i Fjærland

RASET I FJÆRLAND: Det breie raset ligg kant i kant med garasjetaket og verandaen til familien Berge.

Foto: Hans Haugen

Geolog Jarand Wasberg frå NVE meiner at det kan vere fare for etterksred dei nærmaste dagane, når ein ser på vêrmeldingane med mildvêret og nedbøren som kjem den komande veka. Difor er familien Berge evakuert fram til fredag.

– Det er ein samanheng mellom både mildvêr og mykje nedbør siste døgnet. Mestepaten av snøen i denne skredvifta har rasa ned, men det ligg igjen noko som kan kome som etterskred, seier Wasberg til NRK.

400 meter breitt ras

Familien Berge i Fjærland opplevde det dramatiske raset utanfor stovevindaudet. Det var på laurdagskvelden rundt klokka 22.30 dei merka noko buldring som fekk dei til å springe for livet.

Det 400 meter breie raset ligg no kant i kant med garasjetaket, og nokre meter frå verandaen.

Plassen der familien Berge bur heiter Skrea. Inge Berge er difor vant med at det rasar i området, men dei har aldri opplevd noko liknande før.

Evakuert fram til fredag

– Den farta som raset hadde, og så nærme huset det kom, har eg aldri opplevd før. Eg gruer meg til natta. Den lyden som var, var heilt forferdeleg, seier Tone Berge

Familien Berge er evakuert frå huset sitt fram til fredag på grunn av fara for etterskred.

Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, besøkte og rasstaden på søndag, og er glad for at ikkje liv gjekk tapt.

– Det vil nok skje fleire slike store skred framover på grunn av endringane i klimaet. I eit framtidsperspektiv vil denne typen hendingar skje oftare rundt om i landet, trur Jarle Aarvoll.