Hopp til innhold

Det blir tidenes asfalteringssesong

Aldri før har Statens vegvesen hatt så mykje pengar til asfaltering som i år. Det kjem du som trafikant til å merke i sommar.

Asfaltering i Sogn og Fjordane

MYKJE FAST DEKKE: Dei raude strekane markerer kvar det skal asfalterast på riksvegar, dei grøne på fylkesvegar.

For i 2017 har dei fått 150 prosent meir å asfaltere for enn i fjor, fortel prosjektleiar Arne Magnar Hauglund.

– Det er tidenes beste asfalteringsår, så det blir ein veldig travel sesong. Vi har aldri hatt så mykje å rutte med før.

I Sogn og Fjordane er det i år 104 millionar kroner til dekkelegging på riksvegar og 78 millionar til fylkesvegar. Til saman skal det asfalterast bortimot 290 kilometer i år.

Det er Veidekke Industri og NCC Industri som skal gjere jobben for Statens vegvesen Og det at det er så mykje pengar tilgjengeleg gjer at dei ikkje treng gjere det klattvis, men kan asfaltere lengre strekningar.

Sogndal-Frudalstunnelen

Til dømes skal heile strekninga på 21 kilometer frå Sogndal sentrum til Frudalstunnelen få nytt dekke.

– Der startar vi med fresing etter 17. mai og skal etter plane vere ferdige til ferien. Denne strekninga har ikkje vore asfaltert sidan vegen var ny for 23 år sidan, seier Hauglund.

Ei anna lang strekning som får nytt dekke er E39 frå Kleivedammen på Sandane til Anda ferjekai. Også der reknar Hauglund med at arbeidet skal vere ferdig til fellesferien.

Asfaltering

VANLEG SYN I SOMMAR: I alt 290 kilometer veg skal asfalterast i Sogn og Fjordane i 2017.

Foto: Statens vegvesen

– Må ordne avkøyrsler sjølv

Han har ei melding til grunneigarar med avkøyrsler langs dei strekningane som skal asfalterast.

– Det er hundrevis av avkøyrsler, og det er uråd for oss å ordne desse etter at vi er ferdige med asfaltering av vegen. Vi får ofte klager på at det blir høgdeskilnad og liknande, men dette er ikkje vårt ansvar. Veglova seier at det er grunneigarane sjølve som må tilpasse dette.