Desse vil bli fylkesmann i det nye vestlandsfylket

To stortingsveteranar vil gi dei sitjande kamp om fylkesmann-embetet i det nye storfylket på Vestlandet.

Lars Sponheim og Anne Karin Hamre

KAMP OM JOBBEN: Noverande fylkesmenn i Hordaland (Lars Sponheim) og Sogn og Fjordane (Anne Karin Hamre) får kamp frå to stortingspolitikarar når to fylkesmann-embete skal slåast saman frå 2019.

Foto: NRK

Søknadsfristen til embetet som fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk ut 6. april 2017. Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman frå 1. januar 2019. Dagens 17 fylkesmannembete skal frå 2019 ned i 11.

Ei kvinne og fem menn har søkt. Begge dei noverande fylkesmennene i vestlandsfylka har søkt på jobben. Det same har stortingsrepresentantane Gjermund Hagesæter (Frp) og Øyvind Halleraker (H).

Desse har søkt på embetet som fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane:

  • Thorbjørn Gaarder, 61 år, Oslo. Yrke: Chief credit officer
  • Lars Sponheim, 59 år, Ulvik. Yrke: Fylkesmann
  • Øyvind Urheim Halleraker, 65 år, Bømlø. Yrke: Stortingsrepresentant
  • Anne Karin Hamre, 51 år, Sogndal. Yrke: Fylkesmann
  • Vegard Hunderi, 36 år, Oslo. Yrke: Prosjektcontroller
  • Gjermund Hagesæter, 56 år, Bergen. Yrke: Stortingsrepresentant
Gjermund Hagesæter i ventehallen på Stortinget

VETERAN: Gjermund Hagesæter har vore fast representant på Stortinget sidan 2001.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Tidlegare statssekretær tek opp kampen

Hagesæter er fødd i Lindås og har vore innvald på Stortinget frå Hordaland sidan 2001. Frp-politikaren har i noverande stortingsperiode vore finanspolitisk talsmann for Frp si stortingsgruppe og samstundes vore gruppa sin første parlamentariske nestleiar. I 2015 vart han statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, ein stilling ha hadde fram til 20. desember 2016.

Øyvind Halleraker har i likskap med Hagesæter vore innvald på Løvebakken sidan 2001. I noverande stortingsperiode er han første nestleiar i Utenriks- og forsvarskomiteen. I førre stortingsperiode var han samferdslepolitisk talsmann i Høgre, men trekte seg frå vervet etter at han fekk kritikk for ikkje å ha opplyst om sine økonomiske interesser og verv i Stortinget sitt register.

Øyvind Halleraker

VIL BIDRA TIL Å STYRKA VESTLANDET: Stortingspolitikar Øyvind Halleraker (H) meiner stillinga som fylkesmann i den nye vestlandsregionen er blant dei mest spanande i norsk forvaltning.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Halleraker kallar stillinga for ein av dei mest interessante innanfor norsk forvaltning.

– Det å få vera med å utvikla landsdelen vidare ser eg som ei kjempeutfordring og ein spanande jobb. Eg har arbeidd for å fremja landsdelen i lang tid og eg er overtydd om at landsdelen vil bli endå sterkare i eit nasjonalt perspektiv i tida som kjem, seier Halleraker til NRK.

Framleis dragkamp

Det er enno ikkje klart kor den nye fylkesmannen skal ha hovudsete. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har heile vegen vore klar på at Fylkesmannen må leggjast til Leikanger, i tråd med det fylka er samde om i intensjonsplanen for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Noverande fylkesmann i Hordaland Lars Sponheim har på si side argumentert tungt med at fylkesmannen bør ha sete i Bergen.

I uttalinga han sende til regjeringa i fjor haust slår han fast at det nye og mektigere fylkesmannsembete bør samlast i Bergen og ikkje Leikanger.

– Når det gjeld fylkesmannen sitt kontor her i Bergen, så er det for oss litt opplagd. Staten må ha ein fylkesmann i landets nest største by, sa Sponheim til NRK i oktober i fjor.