Hopp til innhold

Førde ungdomsskule vann Klassequizen

Førde ungdomsskule drog til og knuste all motstand i fylkesfinalen i Klassequizen då dei slo Farnes skule med tre poeng. Dermed skal dei representere Sogn og Fjordane i den store landsfinalen.

Created by InfoDispatcher

FINALEN: Førde ungdomsskule slo Farnes skule i finalen, og skal dermed representere fylket i den store landsfinalen.

– Dette var herleg, seier Tore Stensaker Tefre.

– Utruleg kjekt. Eg håpte vi skulle klare det. Vi er kjempenøgde, seier Johanna Fransson.

– Det er kult å vinne, seier Mathias Kastet Johnsen.

I kampen mot Farnes skule frå Årdal, var det sunnfjordingane som til slutt drog av garde med sigeren.

No er dei klare for landsfinalen i Klassequizen.

– Det blir kjekt, seier Johnsen.

– Vi skal gjere vårt beste, og no skal vi bruke tida til å førebu oss, seier Fransson.

– Og så får vi prøve å leve opp til at folk har tru på oss, seier Tefre.

Går for å komme langt

Og målsetjinga er klar.

– Vi skal komme langt, seier Fransson.

Vinnarane i fylkesfinalen i Klassequizen fekk med seg ein sjekk på 5000 kroner.

Farnes skule var litt skuffa over å vere slegne på målstreken.

– Det verste var å bomme på spørsmål om Førde, seier Glen Tony Lie.

– Det var dumt at det var dei som gjekk vidare, og ikkje oss, seier Edin Øy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum

IVRIG PUBLIKUM: Kvart av laga hadde med sin klasse som støtte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Her er spørsmåla som dei fekk i finalen:

UNDERHALDNING
1. Kva er namnet på komikarduoen som består av to brør med etternamn frå Sogndal kommune?
SVAR: Ylvis (Bård og Vegard Ylvisåker) (Farnes 1 - Førde 1)

2. I kva tv-serie hadde Vetle Quenlid Werring på 12 år hovudrolla som Kevin?
SVAR: Julekongen (Farnes 0 - Førde 0)

3. Ho er kalla «The Queen of Pop», og ho hadde hovudrolla i filmen «Evita». Kva er artistnamnet?
SVAR: Madonna (Farnes 0 - Førde 1)

4. Grøssaren «Villmark» vart filma i Sogn. No er det også planar om å filme oppfølgjaren i Sogn, på ein spesiell plass. Kvar?
SVAR: Harastølen i Luster (Farnes 0 - Førde 0)

GOD MIKS
1. Kor langt hoppa Anders Fannemel i Vikersundbakken 25. februar i fjor? 240,5 - 242,5 – 244,5
SVAR: 244,5 meter (Farnes 1 - Førde 0)

2. Kva grunnstoff har det kjemiske symbolet S?
SVAR: Svovel (Farnes 0- Førde 1)

3. Kva heiter hovudstaden i El Salvador?
SVAR: San Salvador (Farnes 0 - Førde 0)

4. Han har komponert m.a. «Skjebnesymfonien» og «Til Elise». Kva er namnet?
SVAR: Ludvig van Beethoven (Farnes 1 - Førde 1)

MEDIA
1. Kva heiter mannen som intervjua ungdommar i 1983 og som no har møtt dei igjen i programmet «Nesten voksen»?
SVAR: Trond Viggo Torgersen (Farnes 1 - Førde 1)

2. Kva heiter regionavisa som i 2013 legg ned avdelingskontoret sitt i Førde?
SVAR: Bergens Tidende (Farnes 0 - Førde 1)

3. Morten Sandøy er frå Førde og er journalist. I kva TV-kanal?
SVAR: TV2 (Farnes 1 - Førde 1)

4. NRK Sogn og Fjordane vart etablert i 1979. Kva heitte den første distriktssjefen? Arve Sandal - Jan Atle Stang - Ottar Starheim.
SVAR: Ottar Starheim (Farnes 0 - Førde 1)

Glade vinnarar

INTERVJU: Her vert dei glade vinnarane intervjua av quiz-master Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Flatbygdi - Farnes 5-6

Første delfinale var eit reint sogneoppgjer mellom Flatbygdi skule og Farnes skule. Der trekte Farnes skule det lengste strået.

Flatbygdi skule hadde frå før eit favorittstempel sidan dei var einaste skule med 11 av 12 moglege poeng i dei innleiande rundane.

Men det heldt ikkje heilt inn, og Farnes skule vart for sterke i kampen om finalebillett.

– Det var ikkje så bra resultat, men vi gjekk no vidare, seier Glen Tony Lie etter at finalebillett var eit faktum.

Men dei likte dårleg sin eigen innsats i kategorien for kvinnesak.

– Det verste var å bomme på alle kvinnesaksspørsmåla, seier Edin Øy.

– Det var veldig pinleg, seier Edvard Merkesvik.

Vikjene var skuffa over å ryke ut.

– Det var litt surt, seier Ådne Årevik Vikdal.

– Vi får no setje vår lit til indresogningane frå Årdal, seier Jonas Holen, sjølv om han tidlegare på dagen trudde Førde kom til å vinne.

– Vi må satse på sogningane, seier Joar Tryti.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Flatbygdi-Farnes

Her er spørsmåla som Flatbygdi og Farnes skule fekk:

KRIG
1. Han var ein kjend person i den norske motstandsrørsla under andre verdskrigen. I 2008 var det premiere på ein film om han med Aksel Hennie i hovudrolla. Kva var namnet hans?
SVAR: Max Manus (Flatbygdi 1 - Farnes 1)

2. I kva by fall skota som utløyste den første verdskrigen?
SVAR: Sarajevo (Flatbygdi 0 - Farnes 1)

3. Den 7. desember 1941 kom USA med i andre verdskrigen etter at japanske styrkar gjekk til åtak på ein amerikansk marinebase. Kva heitte marinebasen?
SVAR: Pearl Harbor (Flatbygdi 1 - Farnes 1)

4. Tredje juledag i 1941 gjekk allierte styrkar i land ein stad i Sogn og Fjordane og storma det tyske hovudkvarteret der. Kvar skjedde dette?
SVAR: Måløy (Flatbygdi 0 - Farnes 0)


KVINNESAK
1. Kva år fekk kvinnene røysterett ved val i Norge?
SVAR: 1913 (Flatbygdi 0 - Farnes 0)

2. Kva dato er den internasjonale kvinnedagen?
SVAR: 8. mars (Flatbygdi 0 - Farnes 0)

3. 15 år gamle Malala Yousafzai vart skoten av Taliban for å ha skrive ein kritisk blogg om retten til utdanning. Frå kva land kjem ho frå?
SVAR: Pakistan (Flatbygdi 1- Farnes 0)

4. Kva kommune i Sogn og Fjordane var først ute med kvinneleg ordførar: Solund - Hornindal – Gulen?
SVAR: Solund (Anna Sofie Herland i 1955) (Flatbygdi 0 - Farnes 0)

SPORT
1. Kva land kjem Lionel Messi frå?
SVAR: Argentina (Flatbygdi 1 - Farnes 1)

2. Ho er kjend for at ho kasta seg om halsen på Kong Harald etter at ho vart verdsmeister. Kva heiter ho?
SVAR: Therese Johaug (Flatbygdi 1 - Farnes 1)

3. Alexander Kristoff tok bronsemedalje under sommar-OL i London. I kva idrettsgrein?
SVAR: Sykling (landevegsritt) (Flatbygdi 0 - Farnes 1)

4. Ho har teke sølvmedalje i NM både i friidrett og vektløfting. Kva heiter ho? Marte Rygg Årdal - Elin Isane - Trude Raad.
SVAR: Trude Raad (Flatbygdi 0 - Farnes 0)

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Vassenden-Førde

Vassenden - Førde usk 6-7

I andre delfinale møttest Vassenden skule og Førde ungdomsskule, og ingen av dei la skjul på at det var viktig å vinne Sunnfjord-oppgjeret.

Her måtte det utslagsspørsmål til for å kåre ein vinnar, og lenga på Måløybrua tok Førde ungdomsskule til finalen.

– Verste spørsmålet å bomme på kva det med syklisten. Og Hamsund, seier Johanna Fransson.

– Det kjekkaste av spørsmålet om Storen, for det visste vi, seier Tore Stensaker Tefre.

Her er spørsmåla som dei fekk:

BØKER
1. Kva forfattar skreiv «Markens grøde»?
SVAR: Knut Hamsun (Vassenden 1 - Førde 0)

2. Kva heiter forfattaren av Harry Potter-bøkene?
SVAR: J.K. Rowling (Vassenden 1 - Førde 1)

3. Kva heiter boka av Astrid Lindgren om brørne Jonatan og Karl (også kalla Kavring)?
SVAR: Brørne Løvehjerte (Vassenden 1 - Førde 1)

4. Han er frå Sogn og Fjordane og har skrive fleire krimbøker, m.a. «Deadline», «Operasjon Siskin» og «Sanct Svithuns gåte». Kva heiter han? Rune Timberlid - Torkjell Djupedal - Kai Martin Brekke.
SVAR: Rune Timberlid (Vassenden 0 - Førde 1)

FJELL
1. Ved kva by ligg Oljeberget?
SVAR: Jerusalem (Vassenden 0 - Førde 0)

2. Kva heiter høgfjellsplatået som er avgrensa av Haukelifjell i sør, Sørfjorden i vest, Bergensbana i nord og Numedal i aust?
SVAR: Hardangervidda (Vassenden 0 - Førde 0)

3. Kva heiter friluftsmagasinet som Den Norske Turistforening gir ut?
SVAR: Fjell og vidde (Vassenden 0 - Førde 0)

4. Kva heiter fjelltoppen som blir kalla Storen og er 2405 meter over havet?
SVAR: Store Skagastølstind (Vassenden 0 - Førde 1)

SPORT
1. Han har tidene 9.58 på 100 meter og 19.19 på 200 meter. Kva heiter han?
SVAR: Usain Bolt (Vassenden 1 - Førde 1)

2. Ein tidlegare norsk syklist vedgjekk i fjor at han hadde dopa seg. Kva heiter han?
SVAR: Steffen Kjærgaard (Vassenden 1 - Førde 0)

3. Ho tok norsk gullmedalje nummer 100 i OL då ho vann normaldistansen i skiskyting under vinter-OL i Vancouver i 2010. Kva heiter ho?
SVAR: Tora Berger (Vassenden 1 - Førde 1)

4. Den 25. november 2012 vart Erik Sandal frå Vågsøy norsk meister. I kva idrett og for kva lag?
SVAR: I fotball, for Hødd (Vassenden 0 - Førde 0)

Utslagsspørsmål:
Kor lang er Måløybrua?
SVAR: 1224 meter (total lengde). Laget som kjem nærast vinn. (Vassenden 524 m. - Førde 1358 m.)