Hopp til innhold

Spelar opera med heisekrana: – Overraskande likt ein vanleg løftejobb

Sundag kveld skal det framførast eit heilt spesielt operastykke i Bergen. Morten Mastadøy og to andre kranførarar er i hovudrolla.

Morten Mastadøy skal framføre opera

NOTESKJEMA: Morten Mastadøy er klar for å fremføre opera i Bergen sentrum søndag kveld.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Bergensarar som har passert Festplassen denne helga har kanskje lurt på om eit stort byggeprosjekt er i emning.

Men dei tre kranane som er plassert midt i Bergen sentrum skal gjera noko heilt anna enn å løfte forskalingar, vindauge eller betongelement.

Dei er hovudfokuset i ein heilt spesiell opera som skal framførast i høve Borealis-festivalen i Bergen.

– Eg elskar kranar og spesielt ideen om å bruka dei i ei eksperimentell, musikalsk verd, seier musikar Natacha Diels til NRK.

Kranoperamusiker Natacha Diels

OPERAKOMPONIST: Musikar Natacha Diels er mildt sagt opptatt av heisekranar og har skrive ein opera for tre kranar.

Foto: Borealis / Ben Speck

Kranopera

Verket hennar «Papillon and the Dancing Cranes» har ho skrive for tre heisekranar og eit ensemble på ni musikarar.

I kvar heisekran sit ein kranførar frå bergensselskapet Nordic Crane Vest, som saman med Enseble Pamplemousse frå USA og slagverkstrioen Pinquins frå Noreg skal framføra den heller spesielle kranoperaen frå klokka 19.00 søndag kveld.

Ein av kranførarane er driftsleiar Morten Mastadøy. Han seiar han vart med i prosjektet heilt tilfeldig.

Kranopera på Festplassen

STORE DIMENSJONAR: Alt er rigga og klart til den spesielle operaforestillinga i Bergen søndag kveld.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Veldig likt ein vanleg arbeidsdag

Samarbeidet med musikar Natacha Diels starta for ei tid sidan, då hans kollega Helge Nyheim vart kontakta av den kraninteresserte musikaren.

– Me har fått eit slags noteskjema me skal følgje. Her står det når me skal opp og ned, og kor mange grader vi skal løfte og snu. Det er eigentleg overraskande likt slik eg jobbar til vanleg, ler Mastadøy, som innrømmer at samtidsmusikk kanskje ikkje er favoritten.

– Det er ikkje det eg høyrer på i bilen. Men me gler oss veldig til å framføra dette for folk, seier Mastadøy.

Uvanleg samarbeid

Kunstnerisk leiar ved Borealis-festivalen, Peter Meanwell, fortalde til BT då prosjektet vart kjent at det var eit lykketreff at han ringde akkurat Nordic Crane Vest.

– Vi tenkte kanskje at kranførarar ikkje likar slik musikk, men Helge Nyheim fortalde at han går rundt med trommestikker og spelar på trea. Antakeleg førte vi saman den eine kranføraren i verda som er besatt av lyd og den einaste komponisten som er besatt av heisekraner, sa Meanwell til avisa.

– Kranførarane er utruleg hyggelege folk og veldig kjekke å jobba med, seier Diels til NRK under lydprøven.

Stykket vert avslutta med at kranene løftar ein stor sommarfugl sett saman av gamle t-skjorter, laga av elevar ved Fridalen skole, Møhlenpris skole, Nordnes skole, St. Paul skole og International School of Bergen.