Hopp til innhold

Karoline (24) hadde aldri drøymt om EM, så kom uttaket ...

Sogn og Fjordane har aldri hatt to kvinnelege utøvarar i ein europameisterskap i friidrett. Det skjer neste helg i Slovenia.

Karoline Holsen Kyte

EM-KLAR: Karoline Holsen Kyte leiar Norgescupen i motbakkeløp samanlagt, men får ikkje vere med på siste. – Samanlagdsigeren misser eg, men for meg er enkeltløpa viktigare. Og EM kjem som ein bonus, seier ho.

Foto: Privat

Det er klart etter at Norges Friidrettsforbund i dag presenterte troppen til EM i motbakkeløp.

Der er både Eli Anne Dvergsdal (25) frå Jølster og Karoline Holsen Kyte (24) frå Førde blant over 200 utøvarane som stiller på startstreken.

– Det er litt uverkeleg og veldig stort, strålar noregscupleiar Kyte.

Såg sjansen og tok den

NM

VANN NM: Eli Anne Dvergsdal har tidlegare NM-gull og EM-sølv i motbakkeløp.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Norge sender tre kvinner og tre menn til meisterskapen i Kamnik. Dvergsdal, som representerer bergensklubben Gular, tok sølv for to år sidan .

For Kyte er det første gang ho deltek blant dei beste motbakkeløparane i Europa.

– Eg har eigentleg aldri drøymt om at eg skulle få komme til eit EM, men etter at eg vart med på Norgescupen i mai såg eg at eg hadde sjansen. Sidan har eg gått inn for det, så det er fantastisk gøy å klare det, seier 24-åringen.

Null respekt

Så langt i år har motbakkane gått på skjener, med fire av fire moglege sigrar i Norgescupen. I slutten av mai knuste 24-åringen løyperekorden i Molde7topper med nær 30 minuttar.

– Det har gått veldig bra. Eg har hatt ein god dag på i alle konkurransane, seier ho og håpar å kunne kjempe høgt oppe på resultatlistene også i EM.

– Eg har aldri vore i slikt selskap før, men når eg først står på startstreken skal eg gi alt og ikkje ha for mykje respekt for dei rundt meg.

Skadeprega år

I Slovenia ventar ei 8,5 kilometer lang løype på 1.000 høgdemeter. Dvergsdal, som måtte stå over fjorårets VM grunna beinbrot, er glad for å få EM-billetten.

Siste året har det blitt lite konkurransar, men mykje alternativ trening. Først på grunn av eit beinbrot, så på grunn av følgjeskadar.

– Eg er berre kjempeglad for å vere skadefri og at eg får sjansen att. Likevel føler eg det litt som at eksamen kjem ein månad for tidleg. Eg skulle helst hatt litt betre tid, seier 25-åringen frå Jølster.

– Tøff motstand

– Eg føler at eg ikkje er heilt der eg ynskjer å vere, men må berre sjå kor langt det held, held Dvergsdal fram og meiner at Kyte truleg er den sterkaste av dei to.

– Karoline spring kjempebra, men vi møter tøff motstand. Likevel er motbakkeløypene ulike og passar ikkje til alle. Det er vanskeleg å samanlikne tidlegare prestasjonar, seier ho.

– Men det er utruleg stas at vi er to frå Sunnfjord som får reise, legg Dvergsdal til.

Dvergsdal ladar opp til EM med 5-kilometer på heimebane under Jølster Maraton i helga. Kyte vurderer både Jølster Maraton og Trollenykjen Opp i Eid.