Hopp til innhold

Desse sa ja på kanten – men talet på bryllaup fortset å stupe

Førre gong det var så få som gifta seg i Noreg var i 1927. Men då var det berre halvparten så mange nordmenn.

Bryllup på kanten i Luster

PÅ KANTEN: Kirsti Møller Bruland og Nils-Sander Øygard sa ja til kvarandre på Raaum gard i Luster.

Foto: Malin Rygg

– Vi er vande med høgder. Nokre av gjestane var nok litt meir engstelege, smiler Kirsti Møller Bruland.

I mai sa ho og Nils-Sander Øygard ja til kvarandre – 425 meter over fjorden.

Familie og nære venner var dei einaste som fekk vitne den spektakulære vigselen, heilt ute på kanten.

Bryllaupet, som vart halde på Rauum gard i Luster, har blitt omtalt i ei rekke lokalaviser.

– Vi hadde ikkje forventa så mykje merksemd, ler Kirsti.

I fjor var det berre 16.200 inngåtte ekteskap i Noreg. Førre gong det var så få som gifta seg i Noreg var i 1927.

Men då fanst det berre 2,7 millionar nordmenn.

– Kanskje neste år i staden for

– Mange av dei utsette bryllaupa kan kanskje gjennomførast neste år i staden for, sa Ane Margrete Tømmerås i SSB då ho presenterte tala i 2020.

Førebels viser statistikken at ho neppe får rett i det.

I mai var det 1806 som søkte om å gifte seg. Same månad i fjor var det 2057.

Det viser tal frå Skatteetaten. Alle par som skal gifte seg må fyrst søke om prøveattest på nettsidene deira. Desse attestane er gyldige i fire månader.

NTB har gjort ein sjekkrunde hos landets bispedøme som viser den same tendensen: epidemien er framleis ein realitet og korrigeringa av «etterslepet» frå i fjor let vente på seg.

Utandørs aukar talet frå 20 til 30

27. mai vart trinn to av gjenopninga sett i verk i store deler av landet.

På private samkome som ikkje skjer i private heimar, hagar og hytter aukar talet på gjester innandørs frå 10 til 20 personar. Utandørs blei talet auka frå 20 til 30.

– Vi ser at talet på sjukehusinnleggingar går ned og at tal på vaksineringar går etter planen. Regjeringa meiner derfor at vi kan gå vidare med gjenopninga, forklarte Erna Solberg.

Koronapressekonferanse

OPNAR LITT: 27. mai vart trinn to av gjenopninga sett i verk i store deler av landet.

Foto: Terje Pedersen

Gjennomsnittsalderen for dei som gifter seg aukar stadig. I fjor var snittalderen for menn 35,5 år og 33,1 år for kvinner. For 40 år sidan var nygifte nesten ti år yngre.

Statistikken gjorde eit hopp i fjor, som kan tyde på at særleg unge valde å utsette bryllaupet. Medan eldre par valde å skalere ned.

Vil sjå starten på ein bryllaups-boom

– Eg trur fleire byrjar å sjå lyset i enden av tunnelen, seier Heidi Huse Myrmo, grunnleggjar av Bryllupshjelperen.

For deira del har talet på inngåtte ekteskap gått opp 5 prosent i mai i år, samanlikna med normalåret 2019.

– Det blir enda ein annleis sesong, men med vaksinering og lettingar, så ser vi at aktiviteten i bryllaupsmarknaden aukar.

Ho legg til:

– Spesielt utover hausten trur eg vi vil sjå starten på ein bryllaups-boom.

Bryllup på kanten i Luster

VAKKERT: Med utsikt over Lustrafjorden i Sogn vart bryllaupet gjennomført i vakre omgivnader.

Foto: Malin Rygg