Hopp til innhold

Desse kan velje og vrake i lærlingtilbod

STORD (NRK): Medan mange på Vestlandet står i kø for å få lærlingplass, har ungdom i Sunnhordland fått eit luksusproblem.

Sveising ved Kværner Stord

SVEIS: Industrinæringa i Sunnhordland er på full veg framover etter å ha stabla seg på beina etter oljenedturen. No manglar det snart lærlingar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Alle vil ha oss no. Det er så mange moglegheiter når ingen andre søker, seier 17 år gamle Jonathan Tranøy frå Stord.

Han er ein av tolv elevar på vg2 industriteknologi ved Stord vidaregåande skule.

Og dei er ettertrakta. Etter år med oljenedtur og kutt, er ting i ferd med å snu.

I industriregionen Sunnhordland fryktar bedriftene mangel på lokale lærlingar.

Kraftig nedgang i søknader

Både i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har søkjartala til dei typiske industrifaga gått kraftig ned sidan oljenedturen starta for tre år sidan.

Spesielt tydeleg er nedgangen innanfor teknikk og industriell produksjon (TIP). I Hordaland har talet gått frå 900 i 2014 til 520 i 2017. I Sogn og Fjordane er tilbakegangen på 25 prosent.

Simen Svendsen blir ettertrakta som lærling

LYS FRAMTID: Elev Simen Svendsen har mange alternativ når han skal ut i lære til våren. Målet er å bli industrirørleggjar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I takt med kutt i oljerelaterte bedrifter, har lærlingkøane hopa seg opp.

Men trenden er i ferd med å snu langs heile oljekysten. Dei som skal ut i lære i Sunnhordland kan velja og vraka til våren.

– Det er sjølvsagt dumt at så få søker. Du har uendeleg med valmoglegheiter seinare, seier Tranøy og får støtte av klassekamerat Simen Svendsen.

– Det er ein god del som seier at det ikkje er ei framtid her. Men det trur eg. Det var difor eg valde denne retninga.

Fryktar negativt fokus har skremt vekk for mange

I haust tok Kværner Stord inn 29 lærlingar. Men leiar ved opplæringsavdelinga Leif Ottar Heimro, er betenkt over at utvalet er såpass lite.

– Slik det ser ut no, har me stor tru på framtida og har ei målsetjinga om eit liknande tal til neste år. Me håpar søkartalet stig, spesielt på TIP-linja og på vg2.

Kva trur du er grunnen til at søkjartalet går ned?

– Det har nok vore ein del negativitet rundt olje- og gassindustrien i media, seier Hambro.

Opplæringssjef Leif Ottar Heimro ved Kværner Stord

UROA: Leif Ottar Heimro er leiar ved opplæringsavdelinga ved Kværner Stord. Han er uroa over søkjartala til industrifaga.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Paradokset

Paradokset er at mange lærlingar står i kø andre deler på Vestlandet. Men det er berre i Sunnhordland det er nok lærlingplassar, meiner fagopplæringssjef i Hordaland, Torbjørn Mjelstad.

– For Hordaland sin del ligg ein an til ein ny rekord i talet på lærlingkontraktar.

Bedrifter på Stord er no uroa over at det no berre er to industriteknologi-klassar att i Sunnhordland.

At industrien i Sunnhordland i ferd med å reisa seg, viser ikkje att i søkjartala til dei historiske svært populære industrifaga.

– Frå neste år blir det litt kritisk for oss, seier Nina Hagerup Johannessen, dagleg leiar ved Ytre Sunnhordland opplæringskontor.

– Bedriftene må visa at det er håp

No er det opp til bedriftene sjølve å snu det negative inntrykket, meiner inntaksleiar Nils Skavhellen ved inntakskontoret i Hordaland.

– Dersom ungdommen ser at bedriftene tek inn fleire lærlingar, vil nok søkjartalet auke att. Men det tar tid å snu trenden. Her har bedriftene ei stor utfordring med å få fram positiv informasjon, seier Skavhellen, som trur Tranøy og dei andre elevane på Stord har valt lurt.

– Dei er svært ettertrakta.