Nokon er seint ute med julegåvene, medan andre kanskje vil lage meir miljøvennlege alternativ i år.
NRK har fått hjelp av flittige folk frå heile landet til å komme med nokre tips til kva du kan lage til dine kjære i julestria.
Julestjerne av sykkelkrank
Den gamle sykkelen som for lengst har slutta å fungere kan bli til ei julestjerne! Iallfall delar av den.
Sjå meir om julestjerna i «Der ingen skulle tru» sin julespesial! I NRK TV frå 22. desember. På NRK1 25. desember.
Sirkelskjørt
Slageren frå årets sesong av Symesterskapet! Dette skjørtet blir nok både liten og stor glad for.
Gryteklutar av baklomme på dongeribukse
Liv Torgunn Hande frå Nittedal er pensjonist og gjenbruksentusiast. Ho har følgjande oppfordring: gi aldri slipp på dongeribuksene dine – dei kan nemleg bli om til flotte gryteklutar.
Ho fann ideen til gryteklutane på nettsamfunnet Pinterest, men har laga sin eigen versjon av desse gryteklutane.
Glidelåspung
Her kan du gjere som du vil, og om du vil gjere det om til ei lita veske, er det berre å sy på eit anheng. Kanskje du kan bruke dongeristoffet du har til overs frå gryteklutane til å lage denne?
Gryteunderlag av vinkorkar
Kva med å lage ei julegåve som både er vakker og funksjonell? Kork er eit fantastisk materiale som det er lett å skjære i og lime, og det toler både varme og væte.
Berre hugs å ikkje bruke vinkorkar av plast, varme gryter kan få dei til å smelte. Pass også på å ikkje lime der gryta skal stå, ikkje all lim toler høg varme.
Nøkkeltavle og straumholdar av lego
Lego er ikkje berre klossar ein leikar seg med. Kva med å lage ei nøkkeltavle? Det er noko alle har bruk for.
Lego kan og brukast til å halde på plass ladeleidningen til mobiltelefonen når han ikkje er i bruk.
Lag faklar av ei keramikkpotte
Dei gamle pottene i skuret kan på 1-2-3 bli om til ein stilig fakkel, og er eit fint julegåvetips til den som har alt.
- Les også: Lek med fliser
Fuglebrett av ei tekanne
Ved hjelp av ei tekanne og eit par hjelpemiddel kan du lage eit fuglebrett med ein vri. Sjå korleis her:
Sjå fleire hagetips i programmet «Hagen min».
- Fleire tips: Etande julegåver
- Les også: Oppskrifter som hjelper mot matsvinn