Hopp til innhold

Desse ingeniørane snur ryggen til oljebransjen

BERGEN (NRK): Stappfullt då Nav inviterte permitterte og ledige oljeingeniørar til konferanse. Bodskapen var tydeleg: Ikkje vent på at permitterte jobbar kjem tilbake.

Nina Samnøy Løkke, Sturla Nilsen, Annlaug Rommetveit og Camilla Moe er arbeidslause ingeniørar

I OMSTILLING: (f.v.) Nina Samnøy Løkke, Sturla Nilsen, Annlaug Rommetveit og Camilla Moe var alle møtt opp på inspirasjonskveld i regi av Nav i Bergen onsdag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

200 arbeidssøkande ingeniørar var onsdag møtt opp på eit sokalla «inspirasjonskveld»i Bergen. Det stappfulle auditoriet fekk eit tydeleg bodskap frå fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

– Det hjelp ikkje å halda på arbeidskrafta ved å permittere folk i lang tid. Jo lengre tid dei går utan jobb, di verre blir det å få dei ut i jobb att.

Det aller siste talet syner at 50.000 oljejobbar vil vere borte før nedturen snur. 38.000 av dei er allereie borte, medan 12.000 fleire arbeidsplassar er venta å forsvinne i 2016 og 2017.

Bogsnes meiner både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar ikkje kan sitte og venta på at permitteringar går over.

– Ingeniørar er den gruppa som har hatt den største auken i arbeidsløysa. Eg håpar dei tenkjer nytt og går inn i heilt andre yrke. Til dømes har vi ingeniørar som no har vald å bli lærar, seier Bogsnes til NRK.

Eg har lagt olje- og gassbransjen på is, og ser meg om etter jobb i vatn- og avløpsbransjen eller i vegbransjen.

Nina Samnøy Løkke, ingeniør
200 oljeingeniørane samla til jobbsøkarsamling med Nav i Bergen

STAPPFULLT: Det var ikkje mykje ledig plass att i auditoriet då Nav arrangerte inspirasjonskveld for arbeidsledige oljeingeniørar denne veka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Legg oljen bak seg

Samlinga var i regi av Nav Hordaland og fagforeiningane Tekna og NITO. Fire av dei til stades var Nina Samnøy Løkke, Sturla Nilsen, Annlaug Rommetveit og Camilla Moe.

Dei fire ingeniørane har jobba for One Subsea og Aker Solutions, men er alle no permitterte eller utan jobb.

Les og: En av fire mister jobben i Aker Solutions

Tanken om å forlata oljebransjen har dei allereie gjort seg sjølve. No vurderer Ingeniørane vurderer å forlata oljeindustrien for godt.

– Eg har lagt olje- og gassbransjen på is, og ser meg om etter jobb i vatn- og avløpsbransjen eller i vegbransjen, seier Nina Samnøy Løkke.

– Eg tenkjer at eg ikkje kjem tilbake. Det har eg ikkje behov for viss eg finn noko anna artig å gjere på, slår Sturla Nilsen fast.

– Eg vurderer å ta mastergrad innan fornybar energi, seier Annlaug Rommetveit.

Kor lenge dei har vore arbeidsledige varierer. Der Samnøy Løkke har vore utan jobb i eitt år, har Rommetveit og Camilla Moe vore arbeidsledige i ei knapp veke.

HØYR RADIOREPORTASJE: Høyr dei fire arbeidsledige oljeingeniørane diskutere framtida si og moglegheitene dei har.

Verdifull kompetanse

Også generalsekretær Ivar Horneland Kristensen i Tekna oppfordrar oljeingeniørane å ta med seg sin verdifulle kompetanse over i andre bransjar.

– Det er klart at nedbemanninga gjer noko med folk, men vi håpar dei ser at deira kompetanse kan nyttast til mellom anna vegbygging og havbruk.

Sturla Nilsen vart arbeidsledig for eitt halvt år sida. Han har søkt fleire jobbar, framleis utan napp.

– Eg tenkte først det var lett å finne seg jobb, men det er mange om beinet.

– Det er vanskeleg å ikkje føle at ein er til nytte, men det er nok framleis håp om å få seg jobb att, avsluttar Nina Samnøy Løkke.