Hadde fylgje av tropisk fisk – forskarane håpar dei snur i tide

Den sjeldne havskjelpadda som vart funnen ved Stad hadde fylgje av tropiske fiskar. For fiskane sin del håpar forskarane at skjelpadda snur sørover i tide.

Sjeldan skilpadde ved Stad

TROPISKE TURISTAR: Tønnefisk og losfisk fylgde med halvskjelpadda frå Karibia.

Foto: Havforskingsinstituttet

I lag med den sjeldne havskjelpadda som vart sett på Stad, følgde det også med enkelte fylgjefisk – tropiske fiskar som vanlegvis ikkje liker seg i kaldt vatn.

Fiskane, som ser ut som noko frå Nemo si verd, er ytst sjeldne i våre farvatn. Det har si naturlege forklaring i at fiskane er vande med høgare temperaturar.

Truleg er dei to artane losfisk og tønnefisk. Som regel vert dei observerte som fylgje til større dyr, eller ved drivgods og skip.

Det er uvisst kor lenge dei vil kunne tole norsk havtemperatur.

Skjelpadda og fylgjefiskane vart oppdaga av Havforskingsinstituttet medan dei var ute for å merke makrellstørje.

Losfisk på Stad

FYLGJEFISK: Losfisken er ein fiskeart som ofte finst saman med haiar og skatar, og no sett med ei havskjelpadde. Han trivst best i tropiske og tempererte strøk og det er uvisst kor lenge han vil overleve her nord.

Foto: Sarah Faultwetter / Flickr

– Håpar dei snur i tide

Forskar Keno Ferter ved Havforskingsinstituttet opplyser at fisken var i godt strok då dei møtte på dei eksotiske gjestane.

– Dei såg veldig spreke ut. Så er heller ikkje vatnet særleg kaldt endå, seier han.

For medan skjelpadda er betre rusta for kalde temperaturar med god evne til å skape og lagre kroppsvarme, er fylgjefisken meir sårbar i det kalde vatnet.

– For fiskane sin del håpar vi skjelpadda snur sørover snart, seier forskarkollega Otte Bjelland.

Merkelaget på "Emmy Egidius": Gunnar Didriksen bak roret, Otte Bjelland, Jan Hinriksson og merkeleder Keno Ferter. (Arkivfoto: Endre Hopland)

PÅ TOKT: Dei leita etter makrellstørje, men støytte på verdas største havskjelpadde.

Foto: Endre Hopland / Havforskingsinstituttet

Symbiose i sjøen

Filmen frå båten utanfor Stad syner eit fredeleg samliv mellom skjelpadda og dei to ulike typane fisk. Dei drar nytte av kvarandre.

Medan skjelpadda gjev dekke til fiskane ute i havet, held fylgjefisken husverten fri for parasittar.

På ferda har fiskane truleg livnært seg på plankton og restar frå skjelpadda sitt matfat.

Den mest iaugefallande av dei to er losfisken, ein art i gruppa hestmakrellfamilien. På sidene har dei tverrstriper som er mørkare enn blåfargen på resten av kroppen.

Havkyndige meiner dei karakteristiske stripene til losfisken gjer det lett for vertsdyr å kjenne han att. Slik kan fisken mellom anna reinske i tanngarden på hai.

HI finn sjeldan skilpadde på Stad.

SJELDAN SKJELPADDE: Slike besøk i norsk farvatn er ikkje kvardagskost.

Truleg frå Karibia

Havlærskjelpaddene legg egg på tropiske strender, på begge sider av Atlanteren.

Ettersom tønnefisk normalt held seg på austkysten av USA og sørover til Karibia, trur forskarane skjelpadda har kome til Noreg frå andre sida av verdshavet.

Så langt heimanfrå er det lite truleg at fiskane vil finne heim att utan den skalkledde vegvisaren.

Stadig nye artar i norsk farvatn

Dei tropiske fiskane er to av fleire uvanlege artar som dei siste åra har dukka opp i våre farvatn. Mellom dei finn vi «sydenfisken» St. Petersfisk, som det dukka opp to av i Rogaland i 2018. I slutten av september vart den giftige fisken dvergfjesing funnen på Sørlandet.

Temperaturauken i havet gjer at forskarane ventar seg fleire overraskingar i tida framover.

For å oppdage både kortvarige og meir permanente gjester på våre kantar, oppmodar Havforskingsinstituttet folk ved og på havet til å melde inn funn av ukjende artar på Dugnad for havet.

– Sjølv om vi er mykje ute sjølve, er det alltid nyttig med andre auge på sjøen, forklarar Bjelland.