Hopp til innhold

Desse får lov til å leige ut elsparkesyklar i Bergen

Voi, Ryde og Bolt får lov til å leige ut elsparkesyklar i Bergen. Det skriv kommunen i ei evalueringsrapport Voi har sendt ut. I mars i år bestemte kommunen at berre tre aktørar skulle få lov til å leige ut sparkesyklar i byen. Totalt åtte aktørar har sendt inn søknad om tillatelse til utleige av små elektriske køyretøy til kommunen, men no får altså berre Voi, Ryde og Bolt lov til å leige ut. Fram til no har seks aktørar vore aktive i Bergen. Tier, Bird og Getton får ikkje vidare løyve og må avslutta verksemda i byen innan 29.mai, skriv kommunen.

Voi-logo på elsparkesykkel
Foto: Simon Skjelvik Brandseth