Desse er nominerte til Heddaprisen

DEN NATIONALE SCENE (NRK): Maratonstykket «Raskolnikov» har flest nominasjonar til ein av dei mest prestisjefulle scenekunstprisane i Noreg.

Nært og ekte - Raskolnikov - Det norske teatret

«RASKOLNIKOV»: Frode Winther og Preben Hodneland frå «Raskolnikov» er nominert til høvesvis beste mannlege medspelar og beste mannlege hovudrolle.

Foto: Dag Jenssen / Det norske teatret

Nominasjonane til Heddaprisen blei offentleggjorde på Den Nationale Scene i Bergen onsdag.

I salen sat berre eit fåtal personar. 2020 har vore eit svært annleis år for scenekunst, noko som juryleiar Jan Landro poengterte frå scenen.

– Trass i amputasjonen konstaterer juryen at teateråret 2019-2020 har vore rikt og variert, sa juryleiaren.

Sjå alle dei nominerte nedst i saka.

Amelie Agbota Isungset og Tormod Løvold presenterte dei nominerte til applaus frå dei få som fekk kome inn på Den Nationale Scene.

TOM SAL: Ameli Agbota Isungset og Tormod Løvold presenterte dei nominerte til applaus frå dei få som fekk kome inn på Den Nationale Scene.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Høgt nivå

Juryleiar Landro sa vidare at juryen hadde eit luksusproblem med å velje kandidatar til skodespelarkategoriane.

– Frå mange svært godt kvalifiserte kvinner og menn har vi kunne glede oss over prestasjonar på høgt – og i nokon høve – svært høgt nivå, sa juryleiar Jan Landro frå scenen.

I kategorien beste kvinnelege hovudrolle kjempar Gjertrud Jynge i «Triologien», Anne Krigsvoll i «Lykkedager» og Madeleine Brandtzæg Nielsen i «Dødsdansen» om prisen.

Beste mannlege hovudrolle står mellom Øyvind Brandtzæg i «Dødsdansen», Even Stormoen i «Hjemkomsten» og Preben Hodneland i «Raskolnikov».

Øyvind Brandtzæg (Edgar) og Madeleine Brandtzæg Nilsen (Alice)

«DØDSDANSEN»: Ekteparet Øyvind Brandtzæg (Edgar) og Madeleine Brandtzæg Nilsen (Alice) er begge nominert for prestasjonane i «Dødsdansen».

Foto: Ole Ekker / Trøndelag Teater

Fleire nominasjonar til «Raskolnikov» og «Dødsdansen»

«Raskolnikov» er nominert flest gongar med seks nominasjonar. I tillegg til beste mannlege hovudrolle, er Emil Johnsen og Frode Winther begge nominert til beste mannlege medspelar. Regissør Kjersti Horn er nominert til beste regi, og stykket er og nominert til beste audiovisuelle design og årets framsyning.

Den 4,5 timar lange framsyninga er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret. Teaterstykket er basert på Fjodor Dostojevskijs roman «Brotsverk og straff».

August Strindbegs «Dødsdansen» er nominert i ytterlegare to kategoriar utover ekteparet Madeleine Brandtzæg Nielsen og Øyvind Brandtzæg sine skodespelarprestasjonar.

Stykket frå Trøndelag Teater og Turnéteatret i Trøndelag er òg nominert til årets framsyning og beste regi.

– Juryen vil rose tilløp til kunstnarisk dristigheit og vilje til å satse nytt ved fleire av våre regionteater. Dette lovar godt, sa juryleiar Landro frå scenen.

Anne Krigsvoll som Winnie. Fotograf: Øyvind Eide

«LYKKEDAGER»: Anne Krigsvoll er nominert til beste kvinnelege hovudrolle etter tolkinga av Winnie i «Lykkedager» ved Nationaltheatret.

Foto: Øyvind Eide / Nationaltheatret

Utsett prisutdeling

Heddaprisen blei for første gong delt ut i 1998. Han blir delt ut for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Norsk teater- og orkesterforening (NTO) står bak prisen.

Prisen skulle vore delt ut 14. juni, men er utsett til hausten på grunn av koronaviruset. 13. september blir prisane delte ut på Det Norske Teatret.