Hopp til innhold

Desse bæra vil vi berre ha meir av

Salet av norske bringebær har eksplodert sidan kronprinsbryllaupet i 2001. Søtare og betre bær er den viktigaste forklaringa på det.

Interessa for norske bringebær er større enn nåken gong.
På ti år har omsetninga gått frå åtte til heile 1000 tonn.
Så bringebærbøndene ser lyst på framtida...

SJÅ TV-SAK: Salet av bringebær har gått frå åtte til tusen tonn på dei siste ti åra.

Salet av bringebær i Norge har dei siste åra gått frå åtte til 1.000 tonn.

– Vi har fått ein ny sort som er søt, saftig, stor og god. Ny produksjonsteknikk i tunnel gjer at produsentane kan tilby tørre og gode bær kvar einaste dag heile sommaren, fortel Stein Harald Hjeltnes, prosjektleiar i Arena frukt og bær.

– Steikande godt

Bringebærbonde Ole Steinar Hestenes i Gloppen har stor forståing for at salet nærast har eksplodert dei siste åra. Tidlegare var norske bringebær av ein sur og blaut type, som safta i korgene.

Den mygla fort og smakte ikkje spesielt godt utan sukker. Så kom typen Glen ample.

– Den er jo steikande godt. Det er sunt og friskt. Mange andre ting er så søte at du går lei av det, men bringebær kan du ete til frukost, middag og kvelds, humrar han.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

200 g. per nordmann

Hjeltnes fortel at heile veksten starta til kronprinsbryllaupet i 2001. Året etter at Haakon Magnus og Mette-Marit Tjessem Høiby gav kvarandre sitt ja, vart det selt åtte tonn av norske bringebær.

I år er salet venta å ende på kring 1.000 tonn – eller kring 200 gram per nordmann.

– Det viser at dersom du gjennom forsking og utvikling får fram eit godt produkt, og du har gode produsentar, så er marknaden for frukt og bær nærast utømmeleg, seier han.

Sluttar ikkje med bær

Den rivande utviklinga gjer det ikkje freistande å slutte med bærproduksjonen. I Gloppen fortel Hestenes om mange nøgde og returnerande kundar.

Sjølv om det skulle bety langt mindre fritid frå mai til september.

– For ti år sidan hadde vi nokre få rader og leverte bæra til sylte. Så slutta vi med sauer og prøvde med Glen ampel, og vi gjekk meir og meir over på konsum. Dette såg vi på som så pass interessant at vi no har leigd inn jord frå fleire bruk og satsar på det, seier han.