I konkurranse med over 150 andre aktørar vart kniven frå knivfabrikken Helle i Holmedal plukka ut til å få prisen "Merket for God Design".
Ungdomskniv
Med den nye kniven vil dei prøve å nå ut til eit yngre publikum som driv med klatring, padling og anna turliv.
– Mellom anna er ikkje kniven laga for å henge i beltet men i ein karabinkrok, seier dagleg leiar, Anders Lien.