Hopp til innhold

Designar frå Førde i Vogue

Tuva Listau frå Førde sin design vert rosa opp i skyene i motebladet Vogue.

Tuva Listau

Det er dette bilete motebladet Vogue har på sine heimesider av førdejenta Tuva Listau sin design.

Foto: Vegard Fimland

HER KAN DU SJÅ KORLEIS MOTEBLADET PRESENTERER LISTAU: Vogue

Freelancejournalist Kristopher Arden Houser har skrive på den italienske motebladet si nettside om ti ulike designarar frå heile verda han meiner har talent utanom det vanlege.

- Stort talent

Tuva Listau frå Førde er ein av designarane Arden Houser meiner har eit stort potensiale og talent.

- Eg stod og sydde på ei vinterjakke midt på natta då eg oppdaga at eg hadde fått ein mail frå han. Då eg såg kva det var som stod der trudde eg først det var ein såkalla spam-mail, seier Listau.

Men det var det ikkje.

Tuva Listau

Fotograf Vegard Fimland og modell Andrine Faleide måtte til toppen av Hafstadfjellet for at Listau skulle få bileta sine slik ho ønskte. Og resultatet er ho strålande nøgd med.

Foto: Vegard Fimland

Dansa sigersdans midt på natta

Arden Houser hadde sendt mail til henne for å informere ho om at han hadde laga ei sak på Vogue sine nettsider.

- Det vart ein sigersdans i vill lukke då eg forstod kva som faktisk hadde skjedd, seier designaren.

Arden Houser er opphaveleg frå California og svært oppteken og mote og design. Som journalist får han også med seg ein god del innfor dette faget. Og Listau sin design plukka han opp gjennom eit pressebyrå i Antwerpen.

Her kan du sjå meir: Heimesida til Tuva Listau

Betyr mykje

- Dei viste interesse for meg etter at eg stilte ut designen min i Danmark i vinter. Og der fann journalisten meg. I tillegg hadde han vore på Esmode Internationale sine heimesider og funne meg der også.

At ho får sin design på nettsidene til anerkjende Vogue betyr mykje for designaren frå Førde.

- Det er jo nokon som har funne fram til meg utan at eg har teke kontakt med dei. Og det er jo eit stort kompliment og det gjev ein sjølvtillitsboost, ler ho.

Men om det vil bety noko for karrieren hennar veit ho ikkje.

- Det vil jo vise seg om det har noko å seie.

Fleire gler seg

Men det er ikkje berre Listau som kan gle seg over at biletet kom på trykk på Vogue sine nettsider. Modellen på bilete er Andrine Faleide, også ho førdejente.

- Ho vart veldig glad då eg fortalde det til ho, seier Listau.

Fotografen er Vegard Fimland som også kjem frå Sunnfjord.

- Bileta er tekne på Hafstadfjellet klokka seks om morgonen. Vi lånte ein firehjulstrekkar og mamma var med. Eg ville så gjerne ha med morgontåka på bileta, og det klarte vi, seier designaren.

Norsk tradisjon

Designen er inspirert av norsk folketru og overtru, og Listau ville gjerne ha naturen frå Sunnfjord som bakteppe på bileta.

- Det er jo her eg er vakse opp og det er dette eg tenkjer på når eg tenkjer på norsk natur.

Her er utdrag frå kommentaren til journalist Kristopher Arden Houser i Vogue:

«These designers are all connected by one thing - an immense talent. Perhaps you have heard rumblings of their work but I am certain this roster of names will be imprinted in our minds by major branding firms by the close of the decade. I have selected one recent mood image from each designer to offer a sense of aesthetic along with their design abilities - please view each individual website for full credits.»