Hopp til innhold

Naudnettet når ikkje ut – redningsmannskapet fryktar liv kan gå tapt

BYRKNES (NRK): Innseglinga til Sognefjorden er ei nasjonal risikosone for ulykker. Men skulle katastrofealarmen gå, er det ingen garanti for at redningsmannskapet får beskjed.

Brannmannskap utanfor Byrknes stasjon i Gulen.

FRYKTAR ULYKKER: Brannmannskapet i Masfjorden og Gulen brann og redning er redde for at om ei krise skulle oppstå kan liv gå tapt som følgje av svikt i naudnett-dekninga.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Det kan skje store ting, og om me då ikkje kan få ut meldingar til storsamfunnet om kva me treng, så vil jo det vere katastrofalt, seier Jan Ivar Kjelby.

Han er mjølkebonde og varabrannsjef i Gulen og Masfjorden brann og redning, og del av eit brannmannskap av bebuarar som tek på seg å gjere andre i bygdene tryggare.

Men når han skal kommunisere med mannskap lenger vest, sviktar ofte Naudnettet.

Det skuldast at enkelte plassar her ute er ikkje omfatta av nettet som vart bygd ut i 2015.

Varabrannsjef i Masfjorden og Gulen, Jan Ivar Kjelby, med ein naudnett-terminal utan dekning.

NERVØS PÅ VAKT: Jan Ivar Kjelby har vakt mens han blir intervjua, og klarer ikkje sitje heilt stilt i stolen. Om alarmen skulle gå vil ikkje 110 kunne få kontakt med han.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Det er klart at når eg er på vakt kan eg ikkje lure på om eg har kontakt med mannskap eller ikkje. Det er ikkje bra, då har eg rett og slett ei dårleg kjensle, seier varabrannsjefen.

Nasjonal risiko

Ansvaret for utbygginga av Naudnettet ligg hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Dekninga i Naudnettet er generelt god, men i samanheng med utbygginga møtte ein ikkje absolutt alle behov, og hadde heller ikkje kunnskap om alle behov, seier avdelingsdirektør for naud- og beredskapskommunikasjon Sigurd Heier.

Brannsjef for Masfjorden og Gulen, Sigvald Kvinge, er redd mangelen på Naudnett kan få alvorlege følgjer. Han minner om at innseglinga til Sognefjorden er prega av tung skipsfart, cruisetrafikk og fiskeindustri.

Brannsjef i Masfjorden og Gulen brann og redning, Sigvald Kvinge.

KREV BETRE DEKNING: Brannsjef Sigvald Kvinge har i lang tid forsøkt å setje søkjelyset på den manglande naudnett-dekninga. Etter ein lyngbrann i 2018 er Solund kome høgare på prioriteringslista til DSB.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Vi risikerer i verste fall at ingen svarer når vi får ein kritisk situasjon, seier Kvinge.

Om liv går tapt som følgje av dårleg kommunikasjon, er det då godt nok å skulde på dårleg økonomi?

– Nei, det er ikkje lett å forsvare det. Spesielt når dette området er vurdert som ein risikosone nasjonalt kan det hende det blir vanskeleg å forklare kvifor dette ikkje er prioritert før, seier brannsjefen.

DSB vurderer området, som ligg like nord for oljeterminalen på Mongstad, som ei nasjonal risikosone for skipskollisjonar. Sjølv om brannsjefen meiner Naudnettet har sine svakheiter, er departementet tilfreds.

– I Sognefjorden-området skal det vere dekning til Naudnettet, men i tillegg er desse fartøya pålagt å bruke andre sambandsmiddel, forklarer Heier i DSB.

Han synest det er bra at brannsjefen i Masfjord og Gulen informerer om at dei opplever dekningsproblem. Vidare opplyser han om at dialogen mellom DSB og brannetaten i området er godt i gong, og DSB vil gjere målingar og observasjonar allereie i januar.

– Det er mellom anna bestilt nye basestasjonar på Ytre Sula i Solund kommune og i Lodalen i Stryn kommune. Begge vil betre den lokale dekninga. Plasseringane av basestasjonane er i samråd med naudetatane, fortel han.

Dilemma for brannmannskapet

Trond Ove Høie, brannmester ved Byrknes stasjon.

REDNINGSMANN PÅ DELTID: Rogalendingen Trond Ove Høie brannmeister ved Byrknes. Når han blir spurt om han er ein kvardagshelt, svarar han at å pumpe litt vatn her og der er det minste han kan gjere.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Trond Ove Høie er brannmeister ved Byrknes stasjon. Kvar gong alarmen går, må han ta eit tøft val.

– Når eg går ut av kontoret mister eg Naudnettet, så eg må prioritere om eg skal bruke dei første viktige minutta på å få kritisk informasjon, eller rykke ut så kjapt som mogleg

Sigurd Heier i DSB, seier han forstår at redningsmannskapet er fortvila.

Me jobbar for å gjere Naudnettet best mogleg, men 100 prosent blir det aldri. Det er det ingen system som blir, seier Heier.

– På grunn av manglande kommunikasjon, kan liv gå tapt

Ytst i Sogn byrjar varabrannsjef Jan Ivar Kjelby å sjå uroleg ut.

No kjenner eg på det at eg manglar dekning.

Han er på vakt, og skulle alarmen gå no, vil han ikkje kunne svare.

– Det er ikkje ei god kjensle å sitje med ein radio som lyser raudt, når du veit du har vakt og ansvar for mannskap som kan få ein alarm, seier Kjelby før han går ut for å prøve å få dekning.