Kva er Partiguiden?
Partiguiden er ein splitter ny oversikt frå NRK som gjer det enkelt å få innblikk i partia på Stortinget og kva dei meiner om ei rekke saker mange er opptekne av fram mot stortingsvalet.
Partiguiden er ikkje det same som Valomaten.
Skilnaden er at du i Valomaten tek stilling til ei rekke politiske saker og får ut kva parti du er mest samd i.
I Partiguiden kan du sjølv fordjupe deg i ulike tema. Du kan bruke guiden som eit slags oppslagsverk, og komme tilbake igjen og igjen.
Del gjerne med folk du tenker kan ha nytte av guiden!
Kvifor har NRK laga Partiguiden?
13. september kan du stemme på kva parti du vil at skal sitte på Stortinget og bestemme over lover og pengebruk i Noreg.
Derfor droppar særleg mange i aldersgruppa mellom 20 og 25 å stemme ved politiske val, viser innsiktsarbeid NRK har gjort og veljarundersøkingar.
Målet er med Partiguiden er å hjelpe med akkurat dette: å gi ei god oversikt over partia og politiske saker, forklart på ein enkel måte.
Kvifor er desse 29 tema valde ut?
NRK har tatt utgangspunkt i eige innsiktsarbeid blant 20-25-åringar, i undersøkingane UNG 2020 og UNG 2021 frå Opinion og andre statistikkar om kva tema unge er mest interesserte i for tida. Dette ligg til grunn for dei fleste kategoriane du ser i Partiguiden.
Årsaka til at vi har fokusert på dei mellom 20 og 25 er at valdeltakinga er særleg låg i denne aldersgruppa.
I tillegg håper vi at Partiguiden kan vere ein god reiskap for dei fleste aldersgrupper. Vi har derfor tatt med nokre saker som blir diskutert politisk for tida, og lagt til nokre tema for å spegle heile den politiske breidda.
Så er det klart at politikken famnar mykje meir enn det vi har med i Partiguiden, men målet er å gi ei god innføring.
For å kunne gi presis informasjon, treng ein tema som er konkrete, og å gjere eit utval av kva informasjon som skal komme i kvar kategori.
Korleis funkar Partiguiden?
- TEMA: Vel ein av dei 29 kategoriane. Då får du opp ei setning eller to per stortingsparti med kva dei meiner. Trykk på «Les meir» for å få meir kjøt på beina per parti.
Øvst kan du så finne andre kategoriar eller velje ut færre parti å samanlikne per tema. - PARTI: Trykk på partiet du er nysgjerrig på og få ei kjapp oversikt over kva dei står for, kor mange representantar dei har på Stortinget no, og kven som er partileiar. Du får også opp deira topp fem favorittema frå Partiguiden.
- SPRÅK: Du kan lese Partiguiden på både bokmål, nynorsk og nordsamisk. Sjå etter språkval øvst i høgre hjørne når du er inne i guiden.
- FORKLARING: Sjølv om vi har skrive så forståeleg som mogleg, er det ein del vanskelege ord og omgrep vi må bruke. Desse orda har vi markert med eit lite spørsmålsteikn, som du kan trykke på og få ei ordforklaring.
Kva parti har fått vere med?
Målet med Partiguiden er å gi deg som veljar ein oversikt over kva dei ulike partia meiner om eit breitt utval av politiske emne.
For å gjera guiden så oversiktleg og innhaldsrik som mogeleg, har vi valt å konsentrere oss om dei ni partia som i dag er representerte på Stortinget.
I tillegg viser vi kort vidare til ti «miniparti» som ikkje har så stor oppslutning i folket at dei er på Stortinget. Om alle dei skulle ha vore med, hadde det blitt langt mindre oversiktleg å bruke partiguiden.
Korleis er innhaldet jobba med?
Etter å ha valt ut ei rekke tema på grunnlag av innsiktsarbeid og statistikkar, har vi lese gjennom dei politiske partiprogramma som partia har vedteke i løpet av våren.
Partiprogram er offisielle dokument kvart parti vedtek som inneheld det dei står for i ei rekke politiske saker. Desse kan vere på fleire titals sider og er ikkje alltid så lett tilgjengelege for folk som ikkje jobbar med politikk til vanleg. Programma blir vedtekne på landsmøta til partia, som er deira øvste organ for å vedta kva dei meiner.
Vi har henta ut essensen per tema og jobba med å skrive dette så kortfatta og forståeleg som mogleg. Vi har så hatt dialog med partia om innhaldet, og omsett det til nynorsk og nordsamisk.
Kor kan eg sende ris og ros?
Dersom du ikkje har fått svar på spørsmåla dine, kan du sende ein e-post til info@nrk.no.