Hopp til innhold

Der rasa går er det langt mellom redningshundane

FØRDE (NRK): Ein redningshund kan bety forskjellen mellom liv og død når folk er sakna i fjellet, men i distrikta opplever dei ofte å ha for få hundar ved redningsaksjonar.

PELSKLEDD REDNING: Helene Sæterdal trenar hunden Nitro til å bli redningshund. Det er viktig, for det finst få av dei i distrikta.

– Det gjeld nesten kvar aksjon, seier Helene Sæterdal.

Ho er instruktør i Norske Redningshunder i Sogn og Fjordane, og har erfaring med få hundar på omfattande søk.

– Ofte går du aleine, og er den einaste som skal dekke eit enormt område. Det kan fort ta eit par timar før det kjem fleire hundeførarar, seier ho.

Få hundar i distrikta

Når det står om liv, vert minutta dyrebare. Tilgang på redningshund kan vere avgjerande, men dei fleste hundane her i landet er i dei store byane. Jo lengre ut i distrikta du kjem, desto lengre blir det mellom dei. Mange stader i landet kan det ta lang tid å få nok hundar på plass.

I fjellfylket Sogn og Fjordane er det 30–40 leiteaksjonar årleg. Fylket er eit av dei med færrast hundar. Berre seks er godkjende til søk etter sakna personar.

– Tidsaspektet er det viktigaste

Dag Fiske

REDNINGSAKSJONAR: Frivillige redningshundar er ekstremt viktig for politiet i deira redningsarbeid, seier lensmann Dag Fiske.

Foto: SIGRID SIVERTSEN HAUGAN / NRK

I fjor vart det gjennomført 462 leiteaksjonar med hund i Noreg, syner tal frå Norske Redningshunder. Hundane er ein særs viktig ressurs for politiet når nokon er sakna.

– Vi har relativt få søkshundar, og dei redningshundane vi kan ha gjennom det frivillige er ekstremt viktig for oss, seier lensmann Sunnfjord, Dag Fiske.

– Konsekvensane av få hundar er at det tek lengre tid å få tak i dei. Tidsaspektet er det viktigaste, og med kulda på vinterstid er det større risiko knytt til at det tek lang tid før den sakna vert funnen, seier han.

Trenar opp fleire hundar

– Vi treng alle dei hundane vi kan få, seier Sæterdal. – Når vi er ute på aksjon kan vi gå i fleire dagar, og då krevst det fleire hundar. Det er grensar for kor lenge ein hund kan klare å gå før han vert sliten, seier ho.

No skal dei firbeinte livreddarane bli fleire. 16 nye hundar er under trening i fylket, noko som kan ha mykje å seie for framtidige redningsaksjonar.

– At vi no får opp talet er veldig viktig for vår del, seier lensmannen. – Det er store avstandar om vi må til Sunnmøre eller Bergen for å få tak i hundar.

Hunden Nitro trenar til å bli redningshund

NO KJEM DET FLEIRE: 16 nye hundar trenar til å bli godkjende som livreddarar i Sogn og Fjordane.

Foto: SIGRID SIVERTSEN HAUGAN / NRK