Hopp til innhold

Departementet vil ikkje stanse vindkraftverket på Stad

Olje- og energidepartementet finn ikkje feil i konsesjonen gitt til omstridde Okla vindkraftverk på Stad. Det betyr at utbygginga held fram. – Lokalt er det ikkje meir ein kan gjere, seier ordføraren.

Utbygging av Okla vindkraftverk

FINN IKKJE FEIL: Olje- og energidepartementet meiner alt har gått riktig føre seg i konsesjonsbehandlinga for Okla vindkraftverk på Stad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På oppdrag frå Stortinget har Olje- og energidepartementet no granska konsesjonsbehandlinga for fleire vindkraftverk i Noreg.

I eit brev til Stad kommune og ordførar Alfred Bjørlo (V) skriv departementet no at det ikkje er grunnlag for å stoppe utbygginga av Okla vindkraftverk på Stad.

«Departementet konkluderer med at det ikkje foreligger feil eller mangler ved vedtakene, som kan medføre ugyldighet. Det er derfor ikkje er grunnlag for å stanse byggingen av Okla vindkraftverk», heiter det i brevet.

– Det er ein lang og grundig gjennomgang av saka. Lokalt er det ikkje meir ein kan gjere, seier Bjørlo.

Vindkraftutbygging på Stad

BYGGER VINDKRAFT: Gravemaskinene har begynt å lage anleggsvegar på Stad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Verdifull natur held ikkje

I vurderinga av vindkraftverket på Stad har departementet sett på fleire ting, mellom anna konsekvensutgreiingar og feil knytt til naturverdi har blitt vurdert.

NRK fortalde nyleg om korleis naturen på Stad mista verdi over natta, etter at eit nytt konsulentselskap vurderte og nedgraderte naturen – som både er sjeldan og truga.

Til trass for dette har ikkje departementet endra meining.

– Det denne gjennomgangen viser at det er sterke konflikter mellom naturvern og utbygging i denne saka. Om naturverdien er grunnlag nok til å gjere om på konsesjonen i dag kan eg rett og slett ikkje svare på, seier Bjørlo og viser til at saka no ligg på Stortinget sitt bord.

Alfred Bjørlo

STORTINGET: Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V), seier at saka om Okla vindkraftverk no ligg på Stortinget sitt bord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han trekk fram at det var tidlegare Selje kommune som tok initiativ til og støtta vindkraftprosjektet gjennom mange år.

– Okla vindkraftverk hadde i mange år brei politisk støtte. No har vi kome til eit punkt der stemninga har snudd, og det er ei anna haldning til prosjektet i Stad kommune. Men prosjektet har kome så langt at alle løyve er gitt, seier han.

Vil skjerpe lovverket

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) meiner ein er nøydde til å endre lovverket.

– Dette er eit vindkraftverk som ikkje burde fått konsesjon. Dersom det er slik at ein kan bygge ut vindkraft i det sårbare, flotte naturlandskapet på Stad viser det at vi må få ei endring i konsesjonslovane, seier han.

Lars Haltbrekken (SV)

ENDRING: Stortingsrepresentant Lars Hatlebrekken (SV) ønskjer seg eit strengane lovverk når det gjeld vindkraft.

Foto: Jo Straube

No skal heile konsesjonssystemet for vindkraft vurderast i haust.

– SV vil gå inn for at vi skal vektlegge naturomsyn mykje sterkare enn i dag. Vårt mål er å endre systemet slik at slike vindkraftverk som vi ser på Stad ikkje får løyve, seier han.

Hatlebrekken seier utbygginga på Stad ikkje burde fått konsesjon.

– No ser vi at lovverket er for svakt, og det må vi skjerpe i haust, seier han.

Finn ikkje feil

Det var i sommar at Stortinget bestemte seg for at alle tildelte vindkraftkonsesjonar som ikkje har hatt byggestart skal vurderast på nytt. Det gjaldt også Okla vindkraftverk.

Vindkraftbransjen varsla at å stoppe planlagde utbyggingar vil føre til gigantsøksmål. No ser det ut som bransjen kan halde fram med fleire av vindkraftprosjekta.

– Eg har lagt vekt på at departementet må gjere eit grundig arbeid med desse sakene i lys av Stortingets vedtak, noko som vi også har gjort greie for i budsjettproposisjonen. Med desse vurderingane og breva som no sendast til dei råka aktørane har vi svart på Stortinget sitt vedtak, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).

Tina Bru

SLUTTFASEN: Olje- og energiminister Tina Bru (H) seier på departementet sine sider at dei no er i sluttfasen i arbeidet med gjennomgangen av dei første vindkraftkonsesjonane.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Så langt er konsesjonane som tilhøyrer vindkraftverka Gismarvik, Vardafjell og Okla vurdert. Departementet har ikkje funne feil eller manglar hos nokre av dei.