Hopp til innhold

Denne veka bur Jorunn (70) i lavvo

Jorunn Solid (70) er frivillig arbeidar på Folkemusikkfestivalen i Førde denne veka. Og overnattingsplassen, det er i ein lavvo.

70 år gamle Jorunn Solid bur i lavvo medan ho arbeider som frivillig på Folkemusikkfestivalen i Førde.

FRIVILLIGBUSTADEN: Her bur Jorunn Solid (70) medan ho arbeider frivillig på festival. Foto: Eli Eikenæs Vengen

– Det er ein fantastisk overnattingsplass, seier 70-åringen frå Blakset.

Med ein omn midt i lavvoen, hekleduk på bordet og lykter, samt dobbelseng og vekkarklokke har Jorunn det som plomma i egget på Jølvassbu camping på Vassenden i Jølster. Her skal ho bu medan ho arbeider som frivillig på Førdefestivalen.

Andre året i lavvoen

Dette er andre året på rad at ho ferierer i lavvo på denne campingplassen. I fjor var ho også med på festivalen, men den gongen som publikummar.

– Då eg kom på campingplassen var alt, men det stod ein lavvo her, og eg spurte om eg ikkje kunne få bu i den, og jau då, det gjekk bra.

Jorunn skildrar opplevinga som så fantastisk, at ho valde ein slik overnattingsmåte dette året også.

– Eg kom igjen om kvelden etter festival, og då var det fyr i omnen og godt og varmt inne. Så eg har kosa meg slik her. Eg spurte om eg kunne komme igjen neste år, og det kunne eg. Dei har sett opp lavvoen her til meg, fortel ho.

Blir nok opptatt neste år også

Truleg blir Jorunn buande i lavvoen i heil veke, og ho ser ikkje vekk frå at ho bestiller den til neste år også.

– Det passar meg akkurat. Du får frisk luft, du har varmen frå omnen og du har naturen og elva utanfor. Det er berre heilt fint.

Den musikkglade 70-åringen skal arbeide bak scena, og vere der for artistane.

– Eg skal vere backstage. Kva ordet betyr veit eg ikkje, men vi skal no syte for at artistane har det fint, og at dei har forfriskingar og slikt, seier ho.

Sjølv om det er første gong Jorunn er med som frivillig har Folkemusikkfestivalen i Førde betydd mykje for i mange år.

– Eg har prøvd å vere her så sant det er mogleg. Det er nydeleg musikk.