Hopp til innhold

Denne vegen blir stadig billegare

Bygginga av Bremangersambandet del II vert berre billegare og billegare. No er vegen nesten 250 millionar kroner billegare enn rekna med.

Bremangersambandet 2

BLIR STADIG BILLEGARE: I løpet av dei siste åra har del to av Bremangersambandet blitt nær 250 millionar kroner billegare.

Foto: Statens vegvesen

Den 12 kilometer lange veg- og tunnelstrekninga i Bremanger skulle koste nær 700 millionar kroner. Men over nokre år har vegen blitt stadig billegare.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier dei har teke grundig feil.

– Der har vi bomma grovt på kostnadsoverslaget vårt, seier Slinde.

Starta på 685 millionar, er nede på 504 no

Ein gong trudde politikarane at vegen skulle koste 685 millionar målt i kroneverdien i 2010. Men sommaren same året kom den første store nedjusteringa.

Årsaka til nedjusteringa var låge anbod frå entreprenørar som førde til at sambandet brått kosta berre 537 millionar kroner mål i 2011-verdi.

Fylkespolitikarane jubla og bestemte like godt at også ein attståande parsell mellom Leirgulen og Bortnen skulle få gul stripe, og plussa på budsjettet med 40 millionar kroner. Men i staden for å gå opp i pris blei vegen likevel berre endå billegare. Hausten 2011 vart totalprisen sett ned til 515 millionar.

Og i sommar kom det nytt overslag. No er prislappen igjen nedjustert til 504 millionar målt i kroneverdien i 2012. Inflasjonsjusterer ein noko har vegen som opnar neste år blitt truleg opp mot 250 millionar kroner billegare enn rekna med.

– Det kan vere tilfeldig

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

LÅGE ANBOD: Nils Magne Slinde seier låge anbod er ein del av forklaringa på at prisen på vegsambandet i Bremanger har blitt billegare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier det er vanskeleg å kome med ei god forklaring.

– I dei vurderingane som vart gjort innleiingsvis så trudde ein at anleggsmarknaden var litt annleis enn den har vore, seier Slinde.

– Det kan og vere tilfeldig. Det kan vere entreprenørar som har hatt veldig lyst på jobben og difor gir låge anbod for å få jobben, seier han vidare.

Politikarane jublar

Uansett er dette godt nytt for alle som er opptekne av vegbygging her i fylket.

For sparte pengar i Bremanger betyr meir til veg andre stadar. Fylkestinget har alt fordelt pengane, og fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet likar godt å kunne seie at mellom anna bygginga av Agjeldstunnelen på strekninga Olden-Innvik nyt godt av uventa vegpengar.

– Det er utruleg kjekt. Då får vi bygd meir veg for dei pengane vi har, jublar ho.