Denne tradisjonen er for viktig til å setje på korona-pause

UNDERDAL (NRK): Så lenge dei kan minnest, har undredølene følgt geitene sine til støls. Det kan sjølv ikkje koronaviruset sette ein stoggar for.

Den tradisjonelle buføringsdagen i Undredal vart ikkje stogga av korona.

SJÅ VIDEO: Den tradisjonelle buføringsdagen i Undredal vart ikkje stogga av korona.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Du må lage litt lyse og lokkande lydar, seier bonde Maria Underdal.

Utanfor fjøsen mekrar 250 geiter roleg. Men når Maria kjem med lokkerop og klappar i hendene, får dei fart på seg.

Geitene spring og sprett, nokre heng litt bakpå, men snart har bygdefolket fått alle i riktig retning.

Dei same scenene gjentek seg kvart år. Geitene i bygda Undredal seier farvel til fjøsen og vinterlivet og finn vegen mot sommarlege beite til støls.

Og undredølene følgjer med. Så lenge bygda kan minnast, og lenger enn det, har dei fastbuande i Undredal følgt geitene sine til støls. I generasjon etter generasjon.

– Det er viktig at folk følgjer dyra ut der maten er, seier Underdal, og kallar geitene og beitebruken for «grunnpilaren for bygda».

Den dag i dag kjem difor utflytta undredøler heim att til det årvisse dyresleppet – for å delta i den store buføringsdagen og for å kjenne på kva det vil seie å vere undredøl.

Maria Underdal

TRADISJON: – Det vi har her på Vestlandet og Undredal, er store utmarksbeiteressursar. Då er det viktig at folk følgjer dyra ut der maten er, seier Maria Underdal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit annleis år

Men i år er det unntakstilstand i den vesle sognebygda i Aurland med kring 70 fastbuande.

Til vanleg set utanlandske turistar sitt preg på bygda. Dei kjem for å oppleve stølsdrift, osteproduksjon og landets minste stavkyrkje.

Men ikkje i år.

Koronapandemien set grenser for det meste, men den tradisjonelle buføringsdagen kan sjølv ikkje viruset stogge.

– Det er moro når det er mange med og vi kan gjere det til noko sosialt, seier Maria Underdal.

Geiter i Undredal

BUFØRING: Familiar frå tre gardar i Undredal følger geitene til beite.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Men bygda lever ikkje av geiter aleine. Leif Inge Underdal, dagleg leiar i Opplev Undredal, fortel at dei har nokre overnattingstilbod i bygda. Her har det vore omtrent hundre prosent kanselleringar frå mars og utover.

– Vi er spente på sommaren, vi håpar sjølvsagt på litt norsk trafikk, seier han.

Anna Karine Marstein er dagleg leiar for Undredal Støylsysteri. Også ho er spent på sommaren. Utan dei utanlandske turistane er det ikkje sikkert det er råd å få selt like mykje av Undredalsosten.

– Ferierande nordmenn vil ikkje kompensere for tapet av dei utanlandske turistane, seier ho.

– Set pris på dyra

I mellomtida går buføringsdagen sin gang. Snart ventar kaffi og nysteikte lappar på alle hjelparane, mens 250 geiter skal leve det gode liv på stølen.

– Eg trur folk set både pris på landskapet geitene produserer og det å ha dyr i landskapet, seier Maria Underdal.

Geit i Undredal
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Status Norge

Sist oppdatert: 23.09.2020
759
Siste uke
19
Innlagt
267
Døde