Hopp til innhold

Denne skremde turgåarane i grøfta

Denne UFO-liknande farkosten gav eigaren ein betre kvardag - men har skremt meir enn ein oldar på seine nattestimar.

Ein farkost har siste tida heva mange augebryn i Nordfjord. Men det er verken UFO eller eit rullande egg Bård Yri i Oldedalen har teke plass i.

Det er rett og slett ein innebygd sykkel. Og ideen kom etter 60 våte dagar i strekk i haust.

– Då tenkte eg at nok var nok. Eg har sett bilete av ein liknande på nettet, som eg undersøkte litt kring, og eg kom etter kvart over ein liten fabrikk i den austlege delen avTyskland. Så eg reiste ned og henta heim ein, fortel han.

Betre kvardag

Bård Yri

NØGD: Bård Yri er nøgd med køyretyet sitt.

Foto: Privat

– No har eg fått meg ein mykje betre kvardag når eg skal sykle på jobben. Eg slepp å kle meg som ein polfarar kvar dag, humrar Yri vidare.

No slepp han å få regndropane i augo og vinden rett i fleisen.

Isglatte vegar og snødrev treng heller ikkje hindre Yri å sykle til jobben. Han har piggdekk til doningen.

Berre muskelkraft

Utforminga gir svært lite luftmotstand og Yri fortel at sykkelen går betre enn vanlege syklar både på flata, nedoverbakkar og oppoverbakkar. I brattare oppoverbakkar kan derimot sykkelen, som veg 30 kilo, bli litt tyngre å handtere.

Toppfarten han har hatt er 64 km/t, og han fortel det ikkje er noko problem å halde farten i ei 50 kilometersone.

– Det er berre muskelkraft som driv sykkelen. Eg har pedalar og gir som ein vanleg sykkel, men eg ligg nesten når eg syklar. Det er behageleg, seier han.

Skremde i grøfta

Om den er behageleg, har mange blitt overraska når Yri kjem susande på landevegen.

Førre helg vart fire kvinnelege turgåarar ï Olden så skremde at dei hamna i veggrøfta.

– Dei høyrde tydelegvis at eg kom, men då dei snudde seg så skvatt dei ut i veggrøfta. Det kan eg jo godt skjøne. Når det kjem eit egg i 60 kilometer i timen på kveldstid, så kan dei få litt av kvart slags tankar, humrar Yri.

P.S. Doningen er inga billig investering for dei som ynskjer den. Eit standard byggesett, utan ein god del naudstynt tryggleiksutstyr, kostar 5 700 euro. Eller kring 45 000 kroner.