NISO-awards, Idrettsgallaen og Kniksenprisen. No skal også volleyballspelarane, både dame og herrar, knive seg imellom om sine eigne prisar.
– Det er veldig bra med slike tiltak som dreg fram gode prestasjonar og viser fram talenta vi har i sporten, seier Lars Fredrik Tvinde i Førde.
Fleire prisar
På tampen av sesongen, truleg i samband med sluttspelet, skal prisar som årets nykommar, årets talent og årets trenar skal delast ut.
Tvinde både trur og håpar at blåtrøyene kan heve meir enn trofeet for seriemeisterskap over hovudet.
– Eg håpar Førde blir godt representerte når prisane skal delast ut, seier Tvinde
Skal motivere
I forbundet seier marknadssjef Iver Horrem at sporten har ynskt seg ein slik pris i lengre tid. Han meiner det er på tide å gi ekstra merksemd til dei som yter det vesle ekstra.
Og ikkje berre for cupfinalens mest verdifulle eller beste spelar.
– Vi håpar dette motiverer spelarar og klubbar til å yte litt ekstra. Volleyballen blir framleis driven veldig mykje på dugnad og då er vi avhengige av å skape nokre positive opplevingar. Eg trur slike kåringar er nettopp det, seier han.
Viktige kåringar
– Trur du slike kåringar kan vere med å heve statusen til volleyballsporten?
– Absolutt. Det å bli gjort meir synlege og heidra med pris, motiverer spelarar og klubbar til å yte litt ekstra. Det å bli sett av mange gir meir status.
Tvinde meiner slike kåringar er viktige.
– Det aukar sjølvtilliten for spelarane å få prisen og eit lite klapp på skuldra frå andre enn dei ein spelar saman med gjennom sesongen, seier 28-åringen.
Håpar på prisdryss
Sjølv er Tvinde for gammal for talentprisen og for erfaren til årets nykommar. Derimot kan han gjennom ein god sesong aspirere til både utøvarprisen og plass på draumelaget.
Slik sju av Førde sine dame- og herrespelarar gjorde etter fire sigrar og 12–0 opningshelga.
– Om ein klarer å gjere ein god figur, både som med- og motspelar, så kan ein vel vere ein god kandidat der, humrar han og sjølv trekkjer fram Daniel Eikeland Rød som ein «blå» kandidat til «rookie»-prisen. Årets Talent meiner han blir å finne på Topp Volley Norge.