Laurdag vart ein død sel funnen i strandkanten på Skårhaug på Nordfjordeid. Då personen som fann selen såg nærare etter, viste det seg at den hadde eit djupt sår frå ei plasttrakt rundt hovudet.
Truleg har plasttrakta kosta selen livet.
– Dette skjer meg langt inn i sjela. Dette viser at vi er nøydde til å satse meir på opprydding.
Det seier Naturvernforbundet sin lokallagsleiar i Stad kommune, Thorleif Jakobsen. Han var ikkje kjend med saka då NRK tok kontakt.
Jakobsen har vore engasjert i miljøsaka i mange år, men har sjeldan sett maken.
– Eg frykta at dette dreia seg om plast rundt halsen. No er spørsmålet kvar plasten kjem ifrå. Det er uansett utruleg trist, seier han.
Det var Fjordabladet som først omtalte saka.
SÅR: Slik såg halsen til selen ut etter at privatpersonen som fann den fjerna plasten.
Foto: Privat– Ikkje overraskande
Terje Lislevand er førsteamanuensis på universitetsmuseet i Bergen.
– Dette er veldig trist, men ikkje overraskande. Det er jo eit kjent problem at mykje plastsøppel flyt rundt, og no ser vi kva som skjer med dyrelivet i havet, seier han.
Lislevand meiner dette viser utfordringane under havoverflata.
– Ute av syne, ute av sinn er ei tilnærming vi har hatt til plastforsøpling. Men no startar nokre av dei stakkars dyra å kome tilbake med plasten, og det viser at vi har eit kjempeproblem. Denne selen er eit godt eksempel på det, seier han.
– TRIST: Terje Lislevand er førsteamanuensis på universitetsmuseet i Bergen.
Foto: Åge Algerøy / NRKMagen full av plast
I 2017 vakte «plastkvalen» stor oppsikt då den stranda på Sotra utanfor Bergen. I magen til kvalen vart det funne 30 plastposar.
Blant plasten låg det brødposar og sjokoladepapir, og tarmsystemet var fullstendig tømt for næring.
Ei undersøking frå januar i fjor, tre år seinare, viste at fire av ti endra plastvanane sine på grunn av plastkvalen.
– Mitt inntrykk er at folk framleis hugsar kvalen. Det gjorde eit enormt inntrykk på folk. Når så store dyr blir fylde med plast understrekar det problemet, seier Lislevand, som meiner både forbrukarar og næringsliv må ta skulda for plast i naturen.
PLAST: Slik såg kvalen som vart funnen på Sotra i 2017 ut på innsida. Funnet av «plast-kvalen» vart ein vekkjar for mange og førte til auka fokus på plast i havet.
Foto: Christoph Noever / Universitetet i BergenJakobsen i Naturvernforbundet fortel at dei ofte finn bitar av plast i fjæresteinane.
– Dette viser at vi er nøydde til å stramme inn. No må både næringsliv og andre aktørar skjerpe seg, det er ikkje nok å be folk rydde opp, slår han fast.