Hopp til innhold

Denne praktskåringa gjer at Sogndal er på tryggare grunn

AALESUND – SOGNDAL 0-1: Etter ein tafatt start på kampen meir eller mindre stupte Eirik Schulze Sogndal i leiinga. – Det er utruleg herleg, seier målskåraren.

Eirik Schulze feirar skåringa si i kampen mot Aalesund

MÅ STÅ OVER: Eirik Schulze kunne strekke hendene i vêret etter 1-0-skåringa mot Aalesund. Men i andre omgang fekk han gult kort og må med det stå over neste kamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Det er ein jamn kamp, med mange duellar og to litt forsiktige lag. Men når vi får det første målet så er det alfa omega. At det held heilt inn, det er heilt fantastisk, seier Eirik Schulze til NRK.no etter kampen.

– Tre poeng er kanskje to meir enn eg hadde tenkt før kamp. Eg følte skåringa var verdt alle tre poenga, men i tillegg er vi solide bak, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det blir ikkje betre

Begge laga har kampen kniven på strupen i botnen av tabellen. Det sette likevel ikkje fyr på kampen frå start. Første omgang på Color Line Stadion i Ålesund var av det mindre fartsfylte slaget.

Heimelaget skapte mest framover, men det var Sogndal som fekk hol på byllen. Gilbert Koomson sette enormt med fart nedover høgrekanten før han peila seg inn på Eirik Schulze i boksen etter vel halvtimen spelt. Det kom Schulze nesten flygande og heada ballen knallhardt til side for Aalesund-keeper Andreas Lie.

Det er ein månad sidan Sogndal sist tok tre poeng, og berre ein gong før i sesongen har laget vunne borte.

– Vi har slite litt i det siste og det er lenge sidan vi vann. Eg føler vi fortente å vinne i dag. Og at vi gjer det no, i ein så viktig kamp, det er heilt utruleg. Det blir ikkje betre, seier ein smørblid Schulze.

– Det er mykje vilje i den skåringa, og det er det vi treng, seier Bakke.

Sogndal etter skåring mot Aalesund

TRE POENG: Spelarane flokka seg rundt Eirik Schulze etter skåringa i det 34. speleminuttet på Color Line Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Framleis ein jobb å gjere

I andre omgang noterte begge laga seg med sjansar. I sluttminuttane sender vertane nesten heile laget inn framfor Sogndal sitt mål, men keeper Mathias Dyngeland plukka ball på ball.

Med tre viktige poeng karar Sogndal seg med det ut av den verste nedrykksstriden og opp på trygg 12.-plass.

– Det er klart dette betyr mykje. Men vi har framleis ein jobb å gjere, seier Schulze.

Eit skår i gleda for målskårarar er at han i ein duell tidleg i andre omgang fekk gult kort. Dermed må han stå over neste kamp mot Molde.

– Men no får vi glede oss over det positive først, og ta nesten kamp når den kjem.

Aafk-trenar: – Brutalt

Aalesund-trenar Trond Fredriksen legg lite imellom når han skildrar laget sin situasjon i botnstriden. Brutalt, var blant orda han brukte i minutta etter kampslutt.

– Det er ein blåkopi av kampen mot Sogndal i sommar. Dei scorar først og vi slit med å produsere målsjansar, seier Trond Fredriksen til Eurosport etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..