Denne plasthesten skal gjere det tryggare for brannvesenet å redde dyr

Ein 200 kilo tung øvingshest til hundre tusen kroner skal ruste brannvesenet til å hjelpe dyr i nød.

Øvingshest Bergen brannvesen

KREVJANDE: Å hjelpe store dyr er alt anna enn enkelt. No har brannvesenet i 18 kommunar i tidlegare Hordaland gått til innkjøp av ein øvingshest.

Foto: Siv Kristin Eikås Hovland/Bergen brannvesen

I eit skogholt i Bergen jobbar fire brannkonstablar med å redde ein hest som ligg mellom busker og tre.

Den er heldigvis ikkje ekte, men er ein øvingshest av plast.

– Det er første gong dei tek i hesten, og dette gjekk bra. Dei pratar saman og samarbeider godt. Dei har også ei roleg framtoning, noko som er veldig viktig når ein er på ein skadestad, fortel instruktør Aril Gunnarskog.

Brannfolk er ofte med og reddar dyr som blir skadde eller står fast. Målet er at endå fleire i brannvesenet skal få opplæring i korleis dette kan gjerast på ein trygg måte, både for dyr og brannfolk.

Øvingshest Bergen brannvesen

ROLEG: Noko av det brannvesenet trenar på når dei øver på å redde dyr er å halde seg rolege.

Foto: Siv Kristin Eikås Hovland/Bergen brannvesen

Deler på rekninga

Dei siste tre åra har brannvesenet i regionen rykka ut til 300 oppdrag der dyr har trengt hjelp.

No har fleire kommunar gått saman for å betale for hesten, som kostar om lag hundre tusen kroner.

– Vi fann ut at vi kunne spleise på denne hesten som kan reise rundt på turné og lære opp brannkonstablar i Vest brann- og redning, seier spesialrådgjevar Pål Hansen i Bergen brannvesen.

Han fortel at det er om lag 750 operative brannmannskap i regionen.

– Potensialet til å få lært opp mange er enormt, seier han.

Han fortel at øvingane no blir meir realistiske.

– Vi kan jo ikkje bruke levande dyr og setje dei i myra. No har vi ein hest som veg 200 kilo, og dermed kan vi få mengdetrening slik at mannskapa er godt førebudde, seier han.

Pål Hansen, spesialrådgiver i Bergen brannvesen

UTBYTTE: Spesialrådgjevar Pål Hansen i Bergen brannvesen meiner øvingshesten vil ha stor verdi for brannkonstablane i Vest brann- og redningsregion.

Foto: Åge Algerøy / NRK Hordaland

Instruktør Gunnarskog fortel at samarbeid er eit nøkkelord.

– Den store faren er at alle har sin eigen plan og driv med kvart sitt opplegg kor ein for eksempel trekkjer dyret i ulike retningar. Her gjeld det å forstå kva ein skal gjere og at ein jobbar saman i ei gruppe for å utføre oppgåva, seier han.

Dyr på pensum

Sandefjord var først ute med å ta i bruk ein øvingshest. Dei hadde hest på plass allereie i 2014.

– I Sandefjord har vi laga eit system med forskjellig verktøy og liknande, som passar veldig godt til hesteredning. Dette håpar vi å få innført i fleire brannvesen rundt om i landet, sa brannmeister i Sandefjord Jan Helge Olsen til NRK den gongen.

No er opplæring i redding av dyr dessutan ein del av pensum dersom ein studerer for å bli brannkonstabel. Andre får etterutdanning.

Aukande behov

– Det er eit behov fordi oppdragsmengda aukar. Vi i brannvesenet kjem bort i mange rare ting i løpet av eit år, og dyreredning blir det meir og meir av, seier Hansen i Bergen.

Veterinærar er ofte med ut når alarmen går. Den norske veterinærforening seier til NRK at det er positivt at brannfolk øver på slike situasjonar.

– God kunnskap om dyr, og eit godt samarbeid mellom brannfolk og veterinærar, er viktig for at redningsaksjonar skal enda godt, seier dei.

Foreninga legg til at det også er veldig viktig å øva på levande dyr.

Medan hesten i Sandefjord heiter Odin, har også denne fått eit namn – med historisk sus.

– Det kom mange forslag, men eitt utmerka seg. Det var namnet Normann, som også var namnet på den siste hesten som var i aktiv teneste i Bergen brannvesen. Den var i teneste frå 1930 til 1936, fortel Hansen.

Tenestehesten Normann i Sandviken i Bergen på 1930-talet

HEST I TENESTE: Hesten Normann var den siste som tenestegjorde for Bergen brannvesen. Her er han avbilda i Sandviken saman med brannkonstablar på 1930-talet.

Foto: Bergen brannvesen