Hopp til innhold

Denne mannen skal leie Brann

I dag fekk tilsette og spelarar på Brann beskjeden om at Rune Skarsfjord trekk seg som hovudtrenar i Brann. No skal assistenttrenar, Kenneth Mikkelsen, leie laget ut sesongen.

Kenneth Mikkelsen

KENNETH MIKKELSEN: I dag fekk Mikkelsen beskjed om at han skal leie Brann ut sesongen. Sjølv syns han det har vore ein tung dag.

Foto: André Marton Pedersen

– Det var ein tøff beskjed å få, men det er grenser for kor mykje press éin mann kan tole. Presset som Skarfjord har hatt på seg er enormt, seier Mikkelsen til NRK.

Rune Skarsfjord

TRAKK SEG I DAG: Rune Skarsfjord

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Onsdag formiddag blei trenarar, tilsette og spelarar på Brann informert om at Rune Skarsfjord gir seg som hovudtrenar i Brann. Assistenttrenar, Kenneth Mikkelsen, blei henta til Brann framfor 2011-sesongen, og skal leie laget ut sesongen.

– Tøff beskjed å få

Fram til i dag har rolla til Mikkelsen i Brann vore toppspelarutviklar og ansvarleg for den fysiske treninga på A-laget.

Beskjeden om at Skarsfjord no trekk seg som hovudtrenar fekk Mikkelsen og resten av Brann onsdag formiddag.

– Det var ein trist beskjed å få, men Skarsfjord har hatt eit enormt press på seg over lang tid, og no gjekk det som det gjekk, seier Mikkelsen.

Ifølgje Mikkelesen såg ikkje Skarsfjord nokon anna utveg enn å trekka seg.

– Skarsfjord sa til meg i dag at på grunn av trykket og omstenda rundt dette følte han ingen anna utveg enn å gje seg. Han hadde absolutt ingen tru på at Brann ville tene på at han skulle halde fram ut året.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kenneth Mikkelsen er ny hovudtrenar i Brann

KENNETH MIKKELSEN: Asstistenttrenaren skal leie Brann ut sesongen.

Usikker framtid

Før tida i Brann har Mikkelsen tidlegare trenarbakgrunn frå Lyn/NTG, og FK Haughesund, då saman med Skarsfjord. Som spelar har han mellom anna spelt for Mjølner i 1. divisjon og Ranheim i 2. divisjon. Han har hovudfag i fysiologi frå NTNU og den nest høgaste trenarutdanninga, UEFA A/trenar 3. Kor lenge Mikkelsen vil leie laget er usikkert, i første omgang er det ut sesongen.

– Det er jo fleire år igjen på kontrakten mi i klubben, men eg må ta ein prat med klubben og høyre kva dei tenkjer.

No vil Mikkelsen bruke dei neste dagane til å fordøye beskjeden om Skarsfjord, og fokusere på den siste kampen i sesongen mot Tromsø.

– Det er ein viktig kamp, no vil eg fokusere på å motivere spelarane. Det som har skjedd med Skarsfjord er på mange måta urettferdig. Det er fleire sider av denne saka, og presset frå supporterar og medie har vore enormt. At han valte å trekkja seg forstår eg.