Hopp til innhold

Denne kommunen får tre vindkraftanlegg

BREMANGER (NRK): Kystkommunen sa ja til tre vindkraftanlegg, men trudde i beste fall at berre eitt ville bli realisert. No er alle tre på veg opp, og naturvernarar fortvilar.

Jon Anders Stavang

SØRGJELEG: Jon Anders Stavang tykkjer det er sørgjeleg at det kjem vindkraftanlegg på Guleslettene, og tre andre stader i Bremanger kommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– For meg har dette området gått frå å vere eit heilt fantastisk og unikt turområde, til å vere verdilaust og øydelagt, seier Jon Anders Stavang.

Han syner fram området der han som friluftsmann har vandra, fiska og telta sidan han var unge: Guleslettene, like utanfor Florø by.

Dei særeigne hylleformasjonane vart forma i den geologiske perioden devon, og gjev området ein utsjånad som er ulik det meste anna ein finn på Vestlandet.

For florøfolk har nærleiken til byen gjort dei naturskjønne viddeområda til eit ynda turmål, men året 2020 markerer kanskje ei av dei største endringane i området, sidan det vart skapt av naturkreftene for kring 400 millionar år sidan.

No reiser 47 vindturbinar seg. Kvar av dei er 157 meter høge, og dei dekkjer eit område som er 9 kilometer i utstrekning.

– Heile området blir eit industrianlegg, med lastebilar, anleggsvegar, støy og industri, seier Stavang, som har tillitsverv i Naturvernforbundet.

Kommunen: – Vi skjønte ikkje kva vi sa ja til

Guleslettene vindkraftanlegg ligg i både Kinn og Bremanger kommune, og det er ikkje det einaste anlegget i sistnemnde. Saman med anlegga Bremangerlandet og Hennøy, bidreg det til at kystkommunen etter kvart blir den einaste i landet med tre vindmølleparkar.

– Det er for mykje i ein liten kommune. Altfor mykje, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Saman med resten av kommunestyret var ho med på å gje konsesjon til bygging av det tredje vindkraftanlegget i Bremanger i 2017. No har kommunen snudd, dei angrar på at dei sa ja.

– Vi skjønte nok ikkje heilt kva vi sa ja til. Både fordi vindmøllene blir høgare enn det som først var sagt, men og fordi vi har fått mykje meir kunnskap om vindkraft sidan den gong.

Men er det ikkje jobben dykkar å setje seg inn i desse sakene, og ta ei kvalifisert avgjerd?

– Jau, men frå byrjinga var Bremanger kommune positive til alle tre vindkraftanlegga kanskje fordi vi trudde at då hadde vi sjanse til å få eitt av dei. Når vi no får alle tre, og ser kor massive dei blir, så er det tydeleg at det er for mykje, seier ordføraren.

Anne Kristin Førde

ANGRAR: Bremanger kommune og ordførar Anne kristin Førde angrar på at dei sa ja til tre vindkraftanlegg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Olje- og energidepartementet meiner kommunen må ta ansvaret

Ordføraren meiner at heile situasjonen til Bremanger kommune syner at staten må regulere strengare kor mange vindkraftanlegg som kjem i eitt område.

Det gjorde regjeringa eit forsøk på i fjor med sin nasjonale rammeplan for vindkraft, men den vart skrota etter massiv motstand. No seier regjeringa ved Olje- og energidepartementet at kommunen sjølv må ta ansvaret for at dei har sagt ja.

– Det er slik at når kommunar seier nei til vindkraftanlegg i sitt område, så blir det respektert. Den moglegheita har kommunane, og når dei ikkje har nytta seg av den, så må dei ta ansvaret for det, seier statssekretær Tony Christian Tiller (H).

Jon Anders Stavang tykkjer det er sørgjeleg at kommunen har opna opp for tre anlegg, og er uroa for konsekvensane for dyreliv og natur i området.

– Det blir ei veldig stor belastning for eitt enkeltområde, det seier seg sjølv at den børa burde ha vorte fordelt jamnare. Ikkje minst fordi desse tre vindkraftanlegga råkar noko av det same dyrelivet, og mellom anna får det same fugletrekket gåande over seg.