Hopp til innhold

Denne gjer det tryggare å gå i fjellet

Dei som går mykje i fjellet burde kjøpe seg ein sikringsradio, meiner leiar Per Henjum i Leikanger Sikringsradiolag.

Sikringsradio

LUR INVISTERING: Ein slik sikringsradio kan vere ein god turkamerat for folk som ferdast mykje i fjellet.

Foto: Per Henjum

– Det er ei rimeleg livsforsikring, for det er mange fjellområde med dårleg mobildekning, medan det er god dekning på sikringsradioen, seier Henjum.

Tidlegare var det berre bønder som hadde tilgang til dette hjelpemiddelet,. Det har vore mykje i bruk i samband med saueleiting og skogsarbeid. Men for to år sidan vart reglane endra, slik at kven som helst kan skaffe seg slik radio.

– Men dei må melde seg inn i eit sikringsradiolag, seier Henjum.

Det er det alt ein del turgåarar i Leikanger som har gjort. No er det 60 medlemmer i laget. Henjum meiner det kan sparast mykje tid og krefter på leiteaksjonar dersom dei som får problem i fjellet har sikringsradio.

Sendaren til Leikanger sikringsradiolag blir frakta opp til Kjeringafjellet.

TIL FJELLS: Den vesle bua med sendaren til sikringsradioen fekk helikopterfrakt opp til Kjeringafjellet 22. september.

I slutten av september vart ein sendar montert på Kjeringafjellet. No er det to slike sendarar i Leikanger, og dekninga er god, seier Henjum.

– Det fungerer heilt fantastisk, det er utruleg god dekning. Vi har hatt kontakt med folk heilt til fylkesgrensa på Vikafjellet, i tillegg til i Aurland, Lærdal og Gaupne.

SMS til Alarmsentralen

Sikringsradioen har ein naudknapp som fungerer slik at om du trykker på den, blir det sendt ein SMS til Alarmsentralen i Florø.

– Kvar radio har ein naudknapp og eit unikt nummer, slik at dei som er på vakt på Alarmsentralen får opp kven du er. Dersom du har kopla til GPS vil dei i Florø sjå nøyaktig kvar du er. Har du ikkje det må du forklare dei kvar dei skal finne deg.

Og det er ikkje berre i Leikanger det finst sikringsradiolag. Tilsvarande tilbod finst i mange andre kommunar i fylket.

– Eg veit om to sendarar i Aurland, tre i Lærdalsfjella og ein i Årdalsfjella, seier Henjum.

Per Henjum

GOD DEKNING: Per Henjum ved sendaren som no er på plass på Kjeringafjellet i Leikanger.

Foto: privat