Hopp til innhold

No har dei gjort sine vurderingar – du skal avgjere resten

Lista er kutta frå 50 til ti filmar. No er det publikum som skal bestemme kven som får Sogndal filmfestival sin publikumspris.

Juryen i Sogndal filmfestival

SPENTE: Stein Magne Os (f.v.), Bjørn Bergum, Elise Gulestøl og Torkjell Venjum har vurdert filmane. No er dei spente på kåringa av publikumsprisen. – Vi har på ein måte teke med dei filmane vi tykkjer er dei beste for publikum å sjå og ta stilling til. Vi håpar mange vil sjå og gje sin favoritt si røyst, seier Os.

Foto: Kari Anne Helle

Timevis med filmsjåing, vurdering og debatt er over. Juryen har plukka ut filmane som skal knive om publikumsprisen.

Ulrik Imtiaz Rolfsen

FAGDAG: Regissør Ulrik Imtiaz Rolfsen vart kjent med filmen Izzat i 2005 og har sidan regissert fleire kjende filmar, mellom anna Den siste revejakta og Varg Veum.

Foto: SF Norge AS

– Det har vore krevjande. Filmskapinga i fylket har høgt nivå, og det blir stadig høgare. Det er utruleg kjekt å sjå utviklinga i kva det blir laga film om, seier jurysjef Stein Magne Os.

Frå action til kunst

Den tidlegare NRK-produsenten er rådgjevar på Distriktssenteret på Campus i Sogndal. Og det er ikkje første året han sit i juryen til Sogndal filmfestival, som i år går av stabelen 23. og 24. mars.

Bidraga i 2015 viser eit stort spenn i sjangrar, tema, alder og geografi.

Avstemminga er no avslutta. I kveld får du vite kven som vinn Publikumsprisen.

Anders Baasmo Christiansen

FAGDAG: Anders Baasmo Christiansen er ein av Noregs mest profilerte filmskodespelarar. Også Arve Uglum frå NRK deltek på fagdagen 24. mars.

Foto: Calle Raabe / Nordisk Film Production

– For nokre år sidan var det veldig mange fiksjonsfilmar. Til dels dramatiske manus med vald, action og skyting. Den type filmar har minka veldig. No er det meir fokus på dokumentariske forteljingar, og reine kunstfilmar, seier Os.

Må ha innhald

– Ungdom tenkjer kanskje lettare fiksjonsforteljing først, og etter kvart som dei kjem inn i filmmediet så får dei lyst til å lage dokumentariske forteljingar og filmar om ting som angår dei, held jurysjefen fram.

– Kva la de vekt på då de plukka ut kandidatane til publikumsprisen?

Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim

NØGDE: Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim er festivalens øvste høvdingar.

Foto: Sogndal Filmfstival

– Ein god film må fortelje ei gjennomtenkt historie. Den må gje innhald, så sjåaren set att med ei kjensle av at det har vore verdt å sjå filmen og historia.

Nøgd festivalsjef

Festivalsjef Oddvar Vigdal er storveges nøgd med interessa rundt den 10. filmfestivalen. Det er 3. klasse Media ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerer festivalen.

– 50 filmar er eit høgt tal og vitnar om kreativitet og stor interesse for produksjon av kortfilm, seier Vigdal.

Nils Gjerland

TIL PRISUTDELING: Leiaren i fylkeskulturutvalet, Nils Gjerland (Sp) er blant gjestene på Gallakvelden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Jurysjef Os er spent på kven som står att som vinnar 23. mars.

– Juryen har stått fritt til å velje sin heiderspris, så eg er veldig spent på om publikum er samde med oss, seier han.

– Og du vil ikkje seie kven som har vunne fagjuryen sin heiderspris?

– Eg kan røpe så pass at det er ein fargefilm.

Jordalen av Cecilie Skogheim

SJÅ VIDEO: Jordalen er laga av Cecilie Skogheim.

Spindelvev av Anna og Berit Einemo Frøysland

SJÅ VIDEO: Spindelvev er laga av Anna og Berit Einemo Frøysland.

Mnemosyne av Anna og Berit Einemo Frøysland

SJÅ VIDEO: Mnemosyne er laga av Anna og Berit Einemo Frøysland.

Jogging in Bergen av Daniel Volle

SJÅ VIDEO: Jogging in Bergen er laga av Daniel Volle

Feit Klubb av Asbjørn Lote

SJÅ VIDEO: Feit Klubb er laga av Asbjørn Lote.

Månevenn - “Made in Norway” av Daniel Volle

SJÅ VIDEO: “Made in Norway” er Månevenn sin musikkvideo laga av Daniel Volle.

TV-Venne av Daniel, Marit, Marte og Vegar frå Hafslo barne- og ungdomsskule

SJÅ VIDEO: TV-Venne er laga av Daniel, Marit, Marte og Vegar frå Hafslo barne- og ungdomsskule.

Downhill av Jonas Flaten

SJÅ VIDEO: Downhill er laga av Jonas Mølmesdal Flaten og Thomas Alme Matre.

Move Forth av Jonas Flaten

SJÅ VIDEO: Move Forth er laga av Jonas Mølmesdal Flaten og Thomas Alme Matre.

The Chosen One av Gjest Ingeson Kvåle

SJÅ VIDEO: The Chosen One er laga av Gjest Ingeson Kvåle.