For femte året på rad er det klart for NRK Sommarlutt på Nordfjordeid. Konserten er eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival. Her får du oppleve unge og meir etablerte artistar frå fylket på sentrumscena til festivalen.
Eigenproduserte låtar
Aleksander Raftevold i Alex Grey vann demokonkurransen i 2013.
Foto: Øystein TorheimOm lag halve konserten er reservert til nye unge musikarar. Det er desse NRK og Malakoff no er på leit etter.
–Vi leitar etter musikarar som har laga sin eigen musikk. Det kan vere både soloartistar eller fullt band. Vi er også opne for alle typar musikksjangrar. No håpar vi dei kjem seg ut av jente og guteromma og søkjer på ein plass på denne scena, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
- LES OG:
- LES OG:
Ønskjer variert musikk
Dei siste åra har den direktesende konserten blitt ein god tradisjon, og samla i fjor om lag 1200 publikummarar på utescena som er plassert midt i sentrum av Nordfjordeid.
– Målet vårt er å finne og syne fram nye musikarar i varierte sjangrar, seier prosjektleiar i NRK Stian Sjursen Takle.
Sigrid Moldestad, Alexander Pavelich, Eva Weel Skram og Thomas Stenersen var blant dei etablerte artistane som spelte på NRK Sommarlutt i 2013. Årets artistliste blir klar i løpet av våren.
Foto: Øystein TorheimSend lydfil av musikken
Musikarar som ønskjer å søkje om plass på scena til NRK Sommarlutt kan sende ein søknad til booking@malakoff.no.
Her må dei skrive litt om seg sjølv, om framtidsplanane og legge ved ei lydfil av musikken sin.
– Lydkvaliteten på lydfila er ikkje det viktigaste. Innhaldet er mykje viktigare. Så ein treng ikkje ha vore i platestudio for å melde seg på denne konkurransen, seier Naustdal i Malakoff.
Den beste på scena får stipend
Ein jury plukkar ut om lag fem av musikarane som får spele på NRK Sommarlutt. Ein ny fagjury ser konserten på Malakoff, og plukkar ut den dei meiner gjer det best på scena.
– I denne konkurransen er fokuset på det dei presterer der og då. For musikarar er det blitt viktigare og viktigare å levere eit godt produkt live på scena. Difor har vi også valt at dette stipendet skal rette seg mot sceneopptreden, seier Sjursen Takle i NRK.
Fristen for påmelding til NRK Sommarlutt sin demokonkurranse er 1. mars.