Hopp til innhold

Denne ferjekaien blir stengd i ei veke

Ferjesambandet Daløy – Haldorsneset i Solund blir stengd i ei veke. Årsaka er riving og bygging av ny kai på Daløy.

Daløy ferjekai

OPPRUSTING: Daløy skal få ny ferjekai. Det gjer at ferjesambandet som knyter saman øya Ytre Sula til Sula og kommunesenteret Hardbakke blir stengt i ei veke.

Foto: Statens vegvesen

Det er Statens vegvesen som melder dette i ei pressemelding. Rivinga av den gamle ferjekaien startar måndag 7. november.

Arbeidet starta i august, og er budsjettert til kring 20 millionar kroner. Det skal vere ferdig til jul.

– Vi skal rive den gamle ferjebrua, med alle stålkonstruksjonar, betong og hydraulikk. I tillegg må vi montere opp nytt, mellom anna ei ferjebru som er ein god del større enn den som er der, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

Frå 1970

Ferjekaien på Daløy er frå 1970-talet og er no så utsliten at den må skiftast ut. Til no har ein førebudd det omfattande arbeidet som gjer at sambandet blir stengt i ei veke.

Ferjesambandet knyt øya Ytre Sula, til Sula og kommunesenteret Hardbakke.

– I tillegg til førebuande arbeid på land, har vi djupa ekstra ut bassenget fordi det er for grunt for større ferjer. Vi har gjort all førebuing med ny fundamentering i sjøbotn og liggjekaien er forlenga med kring sju meter, seier Hov.

Set opp passasjerbåt

For å gje tilbod til alle som avheng av å komme seg mellom indre og ytre Solund, blir det sett inn båt mellom Haldorsneset og Hardbakke.

Statens vegvesen opplyser også at alle skuleborna på Ytre Sula blir frakta med buss til Nåra, der det blir båtskyss til Hardbakke. Bussen startar klokka 07.30 frå Ytterøy.

Kart Daløy - Haldorsneset

STENGJER: Arbeidet med Daløy ferjekai har gått sidan August. Neste veke startar rivinga og oppføring av ny ferjekai.

Foto: Statens vegvesen