Hopp til innhold

Denne ferja måtte gje opp over 100 gonger i fjor

111 gonger vart det viktige E39-sambandet mellom Lote og Anda i Nordfjord kansellert i fjor. Det får politikarane i regionen til sjå raudt, men ferjeselskapet meiner det er akseptabelt.

Bilferja MF Årdal

KANSELLERT: Bilferja Årdal til kai ved Lote.

Foto: Øystein Torheim

– Regulariteten ligg på 99,6 prosent. Det er i ferjesamanheng ein svært god regularitet, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

Ferjesambandet Lote-Anda går mellom kommunane Gloppen og Eid, og er ein del av stamvegen mellom Bergen og Trondheim.

Tysdag 3. januar måtte bilferja Årdal gi tapt for stormkast ved Anda ferjekai. Sambandet var stengt frå 12 og fram til 2130. I går ettermiddag måtte også ferja stenge ei kort periode.

Slike stengingar meiner mange det har blitt fleire av sidan bilferja MF Årdal tok over sambandet. MF Årdal erstatta bilferja MF Lote som hadde dobbelt sett motorar og dermed større kraft til å takle dårleg ver. Det er også ei utfordring på sambandet at den nye ferjekaia på Anda er meir utsett for vind og straum frå vest.

Tor Kristoffersen.

NØGD: Regionleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen meiner regulariteten til Lote-Anda sambandet er god.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

NRK har spurt Fjord1 om tal stengingar bakover i tid, men Tor Kristoffersen seier Fjord1 ikkje kan skaffe fram historiske tal på ein enkel måte. Tala for 2016 syner at ferja måtte kansellere 111 gonger. 74 gongar skuldast teknisk svikt, 37 av kanselleringane skuldast storm og uver.

Ferja blåste frå kaia

I uveret 3. januar blåste det 50 knop i kasta på vindmålaren på ferja. Det førte til at ferja blåste frå kaia medan den skulle tømme seg for bilar.

– Ein kan alltids greie å kome seg til kai, men det vi er bekymra for er jo at ferja skal bli blåst frå kai når vi held på å laste og losse, og at vi skal miste bilar på grunn av det, derfor innstiller vi ruta, seier Kristoffersen.

Ynskjer ekstra ferjelem

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp)

KREV BETRING: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), meiner det er for mange stengingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad frå Sp, meiner ein bør få til betre. Då Anda ferjekai vart ombygd ynskte kommunane at ein også tok vare på den gamle ferjelemmen som ligg i ei anna vindretning. Dette som ein ekstra sikkerheit om vestavinden skapar trøbbel, men synet fekk ikkje gjennomslag.

– Både Gloppen og Eid kommune spelte dette inn, men det vart ikkje lytta til. Den gamle ferjekaia burde kunne fungere som ei kriseløysing.

Også Gloppestad meiner bilferja Lote burde kome tilbake, ordførarane har også bedt Fjord1 om å ha betre beredskap med ekstraferjer i Nordfjord.

Svenn Egil Finden

AVVISER ØNSKET: Regiondirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Men avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen vil ikkje bygge opp att ein ferjelem ved den gamle kaia.

– Det vil vere store kostnader. Vi vil heller syte for at sambandet har gode nok ferjer.

Varslar nye tider

Frå januar 2018 blir det nye tider på Lote-Anda. Då kjem to nye elferjer med backup-motorar. Ferjene skal vere utrusta til å takle alt tenkeleg ver utanom ekstremvêr, og fram til då blir det neppe store endringar.

LES OGSÅ: Sjekk superferjene som køyrer av seg sjølv

– Eg høyrer jo at ein ynskjer å framstille 37 avgangar av vel 27000 avgangar som eit veldig høgt tal, men i vår samanheng er ikkje dette talet, på grunn av ver, særleg høgt. Det trur eg vi vil måtte leve med også i framtida, seier Kristoffersen.

Bilferja MF Årdal

MF Årdal til kai ved Lote ferjekai

Foto: Øystein Torheim