Hopp til innhold

Denne familien vil ha heimeskule fram til sommaren

Sjølv om skulane opnar att, vil familien Larsen-Brandsøy halde ungane heime. Utdanningsforbundet ber regjeringa ikkje forhaste seg.

Familien Larsen-Brandsøy: Anders (6), Ingjerd, Annabell (5) og Aksel (8).

HEIMESKULE: Anders (11), Ingjerd, Annabell (5) og Aksel (8) Larsen-Brandsøy har heimeskule. Mor Ingjerd vil halde fram med det fram til sommaren.

Foto: privat

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at barn har krav på skulegang. Opplæringslova seier at barn har krav på opplæring, men det er ikkje eit krav om at opplæringa må skje på skulen.

Etter tre veker med stengde skular og heimeundervisning går debatten friskt om kor vidt skulane bør opne eller ikkje over påske.

12. mars stengde regjeringa blant anna alle landets barnehagar og skular og seinare vart stenginga forlenga til og med 2. påskedag.

Regjeringa er under hardt press frå både foreldre, lærarar og ekspertar med ulike meiningar om kva som er lurt. Uvissa er stor, og mange fryktar smittespreiing om barnehagane og skulane opnar for tidleg. Helseminister Bent Høie har tidlegare sagt at han vurderer ei gradvis opning på eit tidspunkt.

Komande onsdag skal regjeringa offentleggjere kva som vil skje med både skulane og dei strenge smitteverntiltaka som rår i Noreg for tida.

Bent Høie

VURDERER GRADVIS OPNING: Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Vil halde ungane heime

Ei av mødrene som no må ha heimeskule er Ingjerd Larsen-Brandsøy i Kinn kommune i Vestland.

– Så langt eg ikkje gjer noko ulovleg, så vil eg halde ungane heime, seier ho.

Vanlegvis går dei to gutane hennar på Brandsøy skule. Larsen-Brandsøy vil halde fram med heimeskule til ting er meir avklart.

– Vi veit for lite om viruset og smittefaren, dei veit jo ikkje kva tid smittetoppen er her.

Trebarnsmora er bekymra for korleis ungane taklar denne situasjonen, og meiner dei treng den omsorga dei kan få.

– Det å sende engstelege ungar på skulen, der lærarane ikkje får gje dei ein klem eller trøyste dei, det går ikkje.

At teamet engasjerer veldig mange har ho merka seg.

– Eg ser folk meiner det eine og det andre, men veldig mange eg kjenner vil at vi skal vente, seier Larsen-Brandsøy.

Ingjerd Larsen-Brandsøy

HEIMESKULE: Ingjerd Larsen-Brandsøy vil halde barnehagane og skulane stengt fram til ein veit meir om smittefaren.

Foto: privat

Må ikkje haste

Opplæringslova seier at foreldre pliktar å gje barna opplæring, men det er ikkje eit krav om at dei må gå i skule. Likevel må ein sørgje for at barna får tilsvarande undervising som i offentleg grunnskule, og kommunen fører tilsyn.

Leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, er spent før avgjersla. Han seier det gjekk fint å stengje skulane over natta, men at dei må ta seg tid til å opne att.

– Det kan ikkje vere slik at det hastar med å få gjenopna skulane umiddelbart over påske.

Ifølgje Strømsli er det mykje som må på plass før barnehagane og skulane kan opne igjen.

– Styresmaktene må vere heilt sikre på at det er trygt for borna å kome tilbake til skulen eller barnehagen. Vi treng gode instruksar og alt må vere på plass av ordningar og smitteverntiltak for at vi skal kunne opne igjen.

Han meiner at verken barnehagar eller skulebygningar i dag er tilrettelagt med tanke på å drive undervisning under ein pandemi.

Eit anna moment ved ei delvis opning er lærarane gjerne må drive undervisning både på skulen og via nettet.

Dei fryktar det blir krevjande dersom dei må undervise elevar som av ulike årsaker blir heime samtidig som vanleg klasseundervisning.

Steinar Strømsli

IKKJE BUDD: Moglegheit for god handvask, nok reinhald og nok smittevernutstyr og handsprit er noko av det Steinar Strømsli meiner må vere på plass.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kommunen er avventande

I Sunnfjord kommune med over 20.000 innbyggjarar er kommunedirektør Ole John Østenstad avventande til kva som kjem frå regjeringa på onsdag.

– Vi vil vente på statlege signal, og følgje dei, seier han.

Han utelukkar ikkje at det vil oppstå utfordringar, men meiner dei er skodde godt nok til å takle dei.

Ole John Østenstad

LØYSINGSORIENTERT: – Oppstår det problem, må vi klare å finne ut av det. Det er uansett ikkje større enn at vi skal få til løysingar, seier kommunedirektør Ole John Østenstad.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Men ei utfordring har Østenstad bede regjeringa ta omsyn til. Vert det skuleopning rett etter påske, har han spelt inn til fylkesmannen eit ønskje om å vente med opninga til onsdagen.

– Årsaka er utfordringar med å få i gang igjen skuleskyssen alt første dag etter påskeferien, seier Østenstad.