Denne eposten er eit forsøk på å svindle deg

– Eg visste at eg skulle ha eit betydeleg større beløp att, så desse småkronene brydde eg meg ikkje med, humrar Katrine Grotle om eposten som lova henne nesten 7.000 kroner i skatterefusjon.

Svindelepost og Svein Mobakken

ÅTVARAR: Får du denne eposten i innboksen, er det berre å ignorere den. – I alle fall ikkje gå inn på lenkja eller opne vedlegga, oppmodar Svein Mobakken i Skatteetaten.

Foto: Fotomontasje: Skjermdump/Skatteetaten

For Førde-kvinna trekte på smilebandet då eposten frå «Skatteetaten» hamna i innboksen hennar.

Ikkje fordi ho vart lova 6.874,44 kroner i skatterefusjon, men fordi ho skjønte det var svindel.

Katrine Grotle

GJEKK IKKJE PÅ: Katrine Grotle skjønte at eposten var forsøk på svindel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det lukta svindel. Epostadressa indikerte at det ikkje var frå Skatteetaten, dessutan er eg alltid skeptisk når ein skal gje opp personalia og informasjon om konto og betalingskort, seier Katrine Grotle.

Veldig lik nettside

I desse skattepengetider var emnet «Skatterefusjon» det einaste som kunne harmonere med ein epost frå Skatteetaten.

For eposten kom frå completesmiles.com, med oppmoding om å fylle inn informasjon. Då Grotle av nysgjerrigheit klikka på lenkja, vart ho sendt til ei heilt anna nettside enn skatteetaten.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skattesvindelforsøk

LIKE: Svindelsida (t.h.) er temmeleg lik Skatteetaten.no sine nettsider, men både adressa og innhaldet er heilt ulike.

Foto: Skjermdump

– Sida likna Skatteetaten si. Både søkjefelt, logo og skrifttype verka å vere identisk, seier ho.

– Den er ikkje frå oss

Tryggleiksansvarleg Svein Mobakken hos Skatteetaten stadfestar at eposten er svindel. Og det er mange som har fått denne i innboksen sin. Skatteetaten gjekk i førre veke ut og åtvara mot dei falske epostane.

Eposten er eit såkalla phishing-forsøk, der avsendar prøver å lure til seg kredittkortnummer og kodar.

– Har eposten slik type innhald og spør om slike ting, så er ikkje eposten frå oss. Vi sender ut informasjon om at skatteoppgjeret er tilgjengeleg i Altinn, og at ein kan logge seg inn der og sjå på det, seier Mobakken.

Ber ikkje om informasjon

– Ber eposten om å klikke på ei lenkje for å fylle ut sensitiv informasjon, som kredittkortinformasjon, tryggleikskodar og kontonummer, så er det eit sikkert teikn på at eposten kjem frå svindlarar, held Mobakken fram.

– Kor truverdige er desse epostane?

– Dei blir meir og meir truverdige. Nettsidene kan ha rett logo og har av og til ein avsendar som kan sjå ut som skatteetaten.no. Men lenkje eller vedlegg er klare symptom på at dette er svindel-epost, seier han.

– Ignorer og slett epostane

Om nokon i det heile har gått «fem på» er uvisst. Mobakken rår folk til å ignorere og slette slike epostar.

– Det ein ikkje skal gjere, er å gå inn på lenkjene og vedlegga, og å gå i dialog ved å fylle ut informasjonen. Har ein gjort det, så er det viktig å få sperra kortet, seier han.

Grotle trur ikkje at det er tilfeldig at slike epostar florerer no. I desse tider får nordmenn tilbake 33 milliardar skattekroner.

– Desse kjem når folk skal få eller betale pengar. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at folk som er naive eller ikkje fullt så observante går på og legger inn personalia før dei oppdagar at det er tull, seier ho.