Hopp til innhold

I denne bygda er det framleis julestemning

Jula varer heilt til påske heiter det. Det er ikkje langt frå sanninga i Vik.

Vik er julepynta for filminnspeling

_Mange stussa då julegata og julegrana aldri vart tekne ned på Vikøyri. Så kom informasjonen om at det skal spelast inn film, og no har både næringsdrivande og private pynta til jul att_

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Godt og vel halvveges i februar er det framleis julegate gjennom Vikøyri. Julegrana er tent og både næringsdrivande og private har henta fram att julenissar, julestjerner og anna julepynt.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

IMPONERT: Jorunn Åsfrid Røyrvik er imponert over filmteamet. – Vi ser nokre kjende fjes innimellom, men først og fremst ser vi mykje folk som jobbar hardt for at dette skal bli ein skikkeleg god film, seier ho.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kva gjer ein ikkje for skaparane bak filmen «Tunnelen»?

– I dag er det skikkeleg julestemning i Øyri. Med eit lett snødryss i natt, så er vi klare til å opne pakkar att, humrar Jorunn Åsfrid Røyrvik, dagleg leiar ved Blix hotell.

Fekk ikkje julestemning

I dag startar innspelinga av den neste norske katastrofefilmen . Fram til 5. mars vil filmfolk og statistar prege den vesle bygda på sørsida av Sognefjorden. «Tunnelen» er i same sjanger som «Bølgen» og «Skjelvet».

Vik er julepynta for filminnspeling

JULENISSE: Det er snart to månadar sidan julaftan, men nissen helsar framleis handlande velkomen i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Temaet i filmen er basert på dei mange tunnelbrannane i Noreg siste åra. Passande nok er premieren tenkt første juledag i år .

Vik er julepynta for filminnspeling

AKTIVITET: Både gater, vindauge og tre er julepynta på Vikøyri.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Frisør Anne Karin Undi er ei av vikjene som siste februardagane hengde opp att julepynt, berre veker etter at ho la den vekk. Sjølve arbeidet gav ikkje julestemning.

– Det var litt merkeleg. Vi sette på julesalmar på tull medan vi pynta, men fekk ingen julestemning. Til det var det litt meir vårstemning enn julestemning ute, ler Undi.

Hollywood-stemning

Thorbjørn Harr

HOVUDROLLA: Thorbjørn Harr, kjend frå «Vikingane» og «Birkebeinarane», spelar hovudrolla i filmen. Harr har også hatt ei rekke roller på Nationaltheatret.

Foto: Vikings / Tumblr

Julestemning eller ikkje, julepynta gater i februar er det ikkje mange vikjer som har noko i mot. For no er det heller litt Hollywood-stemning.

– Eg trur folk tykkjer det er heilt greitt. Vanlegvis er februar ei stille tid i Vik. No er det mykje liv og det skjer spennande ting. Eg trur det blir god reklame, seier Hundi.

Ved Blix hotell kan dagleg leiar Røyrvik juble over fullt hus. Alle 27 rom er booka, og i tillegg må hotellet nytte all ledig romkapasitet i bygda.

– Det er veldig moro at dette skjer i Vik, seier Røyrvik.

Vik på kartet

Pål Øie

REGISSØR: Pål Øie, som tidlegare har laga «Villmark», «Villmark 2» og «Skjult», og er godt i gang med innspelinga om Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup, er regissør for «Tunnelen».

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kor mykje av filmen som blir spelt inn i Vik er førebels ukjend. Den skal også spelast inn andre stader i Sogn og Fjordane. Røyrvik både håpar og trur at filmen set Vik på kartet.

Regissør Pål Øie og produsent Einar Loftesnes står i spissen for filmskaparane.

– Eg har lese i avisa at dei alltid har drøymt om å lage film med Vik som utgangspunkt fordi det er så fint her. Det meiner også vi som bur her, og det ynskjer vi å vise fram til resten av landet, avsluttar Røyrvik.