Hopp til innhold

Denne båten skal gjere oppdrettsnæringa reinare

Ein arbeidsbåt driven av hydrogen. Heilt utsleppsfri, og kanskje ein realitet før 2021. Dette er eitt av åtte prosjekt som har fått grønt lys i ei storsatsing på hydrogen-teknologi.

Hydrogendriven arbeidsbåt

FRAMTIDA: Slik kan den hydrogendrivne arbeidsbåten til Osland havbruk sjå ut om nokre år.

Foto: Greenstat

Sogn og Fjordane har ambisiøse planar for det som kan bli ei utsleppsfri framtid i konkurranse med elektrisk drift. Fylket, som er historie i 2020, vil etterlate seg ei storstilt satsing på hydrogen.

– Bruk av hydrogen som drivstoff til arbeidsbåten vil gjere den 100 prosent utsleppsfri, seier Tomas Fiksdal i Greenstat.

I samarbeid med Høyanger Næringsutvikling og Osland havbruk, har dei laga eit forprosjekt for ein hydrogendriven arbeidsbåt til bruk i oppdrettsanlegg. Det er Kvernevik Engineering på Sandane som har designa og utvikla båten.

– Det er fullt mogleg, både teknisk og sikkerheitsmessig, å realisere eit slikt prosjekt, seier Fiksdal.

Illustrasjon av den hydrogendrivne arbeidsbåten

HYDROGENTANK PÅ TAKET: Kvernevik Engineering har teikna båten. Slik skal den sjå ut til slutt, med hydrogentankar på taket.

Foto: Kvernevik Engineering

Fleire hydrogenprosjekt på trappene

– Teknologien er klar, aktørane er klare og vi har kompetansen og føresetnadene til å gjennomføre det, seier Elisabet Kjerstad Bøe.

Bøe har vore prosjektleiar for hydrogenprosjektet i Sogn og Fjordane. No skal ho snart overlevere sluttrapporten for prosjektet til politikarane i fylkeskommunen.

Dei to siste åra har ho jobba for å drive fram hydrogensatsinga i fjordfylket. Målet er at skal Sogn og Fjordane skal bli ein leiande region på utviklinga av hydrogen.

Elisabeth Kjerstad Bøe

PROSJEKTLEIAR: Elisabet Kjerstad Bøe har vore med å drive fram satsinga på hydrogen i Sogn og Fjordane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er ikkje mange europeiske regionar som har dei same moglegheitene som oss. Alt ligg til rette for hydrogenproduksjon og utviklinga av teknologi her, seier ho.

Om lag halvparten av den fornybare energien som blir produsert i Sogn og Fjordane blir eksportert ut av fylket. Det er noko av dette overskotet ho vil skal brukast til hydrogenproduksjon.

No er det sju-åtte ulike prosjekt under utvikling i Sogn og Fjordane. Bøe håpar og trur at det ikkje vil gå lang tid før nokon av dei vert sett ut i livet.

På vatnet før 2021

– Skal hydrogen vere reelt som ein energikjelde og eit nullutsleppsalternativ framover, må vi få bygt og demonstrert noko teknologi i løpet av dei neste åra, meiner Bøe.

No er det finansiering som må på plass for dei fleste prosjekta og Bøe meiner at det offentlege må bruke innkjøpsmakta si der det er mogleg. Ho håpar at ein hydrogendriven båt, produsert i Sogn og Fjordane, vil vere på vatnet om ikkje altfor lenge.

– I 2021 blir den første hydrogendrivne ferja sett i drift i Noreg. Eg trur vi kan sjå ein passasjerbåt, utvikla og bygt i Sogn og Fjordane, på vatnet før den tid.