Hopp til innhold

Den sakna mannen i Flåm er funnen omkomen i Brekkeelvi - namnet er frigitt

Politiet stadfestar at det er den sakna mannen som er funne i Brekkeelvi i Flåm. Familien til den omkomne er varsla, og namnet er frigitt i samråd med familien.

Leiteaksjon i Flåm

BREKKEFOSSEN: Søket vart etter kvart konsentrert rundt Brekkefossen og Brekkeelvi.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Det er 58 år gamle Bjørn Eriksen frå Aurland vart funne omkomen i Brekkeelvi i Flåm i Aurland kommune. Han var vore sakna sidan laurdag kveld, då han ikkje kom heim til avtalt tid etter ein skogstur.

Det vart sett i gong leiteaksjon natt til søndag, og 106 personar har vore med på aksjonen. Frivillige frå Aurland, mannskap frå Røde Kors, politiet, Norske redningshundar, Hovudredningssentralen og alpine redningsgrupper har vore med på søket.

Søket måndag har vore konsentrert rundt Brekkeelvi og stiar rundt området, samt med båtar på sjøen. Det vart jobba med å minka vasstanden i Brekkeelvi, slik at ein kunne gjennomføra søk i elva.

Klokka 14.40 melde politiet at dei har gjort funn av ein person i søksområdet, men kunne på dåverande tidspunkt ikkje stadfesta om det var den sakna mannen eller ikkje.

Politiet skal rutinemessig undersøkja saka og den omkomne er sendt til obduksjon. Årsaka til hendinga blir vidare undersøkt av Aurland lensmannskontor.