Hopp til innhold

Storkommune kan føre til utvida salstider for øl

FØRDE/NAUSTDAL (NRK): Fire kommunar blir til ein. Kva skjer då med ølsalet? Det bryggar til øl-strid i den nye storkommunen Sunnfjord.

Bjarte Espeland, butikksjef for Coop Extra i Naustdal

GODE ØL-TIDER: Sjef for Coop Extra i Naustdal, Bjarte Espeland, er blant dei som nyt godt av dei tidlege stengetidene for ølutsal i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Den siste timen før kl. 18 på laurdagar er den beste timen vi har. Då er det gjerne litt ekstra folk frå Førde som kjem.

Det seier Bjarte Espeland, sjef for Coop Extra i Naustdal.

I dag har Førde heilt andre opningstider på salet av øl enn kommunane rundt: Jølster, Naustdal og Gaular.

Er klokka over 18 i Førde, så er du for seint ute. Det gjer at nokre førdianarar tek turen til nabokommunane for å rekke ølsalet som stengjer klokka 20.

– Eg veit om mange som tek turen til Naustdal for å kjøpe øl når det er stengt i Førde, seier Wenche Holmeset Bruket.

Håpar på lik stengjetid

Butikksjef i Coop Ekstra Førde, Ørjan Alme, har også fått merke dei ulike øl-tidene. Han har vorten vand med å måtte forklare, ofte på forskjellige språk, til øltørste turistar og tilreisande at det finst alternativ i andre butikkar enn hans eigen.

– Det er mange som kjem etter stengetid og spør kva alternativ dei har. Då må me jo berre anbefale dei å køyre til Naustdal eller andre stadar for å få øl i staden, seier han.

Ørjan Alme, butikksjef Coop Extra i Førde

YNSKJER LIKE TIDER: Butikksjef i Coop Extra Førde, Ørjan Alme, seier han håpar det vert like stengetider over heile nye Sunnfjord kommune. Aller helst vil han ha utvida tider.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Alme som seier han først og fremst er opptatt av at stengetidene i den nye kommunen skal verte like, innrømmer at han godt kan tenkje seg å halde ope litt lengre.

– Eg håpar på Naustdal-tid, for stengetidene våre for øl er jo litt for tidleg.

Må verte einige

Medan innbyggjarane ventar på kva som vil skje, er politikarane slett ikkje samde om korleis opningstidene bør vere når kommunane slår seg saman til Sunnfjord kommune.

– Alt som kan føre til restriktiv alkoholpolitikk er noko vi støttar. Alle i Sunnfjord bør følgje same opningstider, og då er det best med opningstidene ein har i Førde, seier Norunn Lunde Furnes, som er ordførarkandidat for Sunnfjord KrF.

Norunn Lunde Furnes

VIL FORKORTE: Ordførarkandidat Norunn Lunde Furnes for Sunnfjord KrF håpar dei korte opningstidene til Førde vert gjeldande for heile den nye storkommunen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein som slår eit slag for nabokommunane sin alkoholpolitikk er Førde-ordførar Olve Grotle (H).

– Sunnfjord Høgre meiner vi bør ha dei same opningstidene som i Naustdal, Jølster og Gaular. Det spelar ikkje nokon stor rolle om ein har to timar lengre opningstid for salet av øl, seier han.