Hopp til innhold

Bli med på tur i den nye bybanen i Bergen

Frost skapte problem då folk skulle få testkøyre den splitter nye bybane-linja i Bergen søndag. Måndag brakar det laus for alvor.

Bli med på køyretur frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen! Foto: Gerd Johanne Braadland

Søndag får publikum prøva den nye bybanen til Fyllingsdalen i Bergen gratis fram til klokka 18.

Dagen starta med trøbbel grunna frost på køyreleidningane. Men ein god time forseinka var banen i drift.

Nicolas Øyane og sønene Oliver (9) og Jonas (6) var blant dei første passasjerane som fekk teste ut den nye linja. Alle tre er nøgde så langt.

– Eg trur eg kjem til å bruka den nye banen etter kvart. Dette er framtidsretta og miljøvennleg, seier han.

Familie på bybanetur

NØGDE: Nicolas Øyane og sønene Oliver og Jonas vel framme i Fyllingsdalen etter å ha testa den raske, nye bybanelinja.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ikkje minst kan den nye bybanen skilte med å gå i 70 km/t i tunnelen gjennom fjellet Løvstakken mellom Bergensdalen og Fyllingsdalen. Det er raskare enn snittfarta til både t-banen i Oslo og subwayen i New York.

– Det gjekk nesten for fort, seier Kari Steffensen.

Ho og mannen Arne Steffensen tykkjer det er stas med den nye linja på bybanen.

– Vi har følgt utbygginga, så det er så spennande å reise med han no. Eg trur eg kjem til å bruka banen mykje. Det er effektivt og greitt. Det gjekk nesten for fort, seier ho.

Sjå heile turen minutt for minutt nedst i saka!

Arne og Kari Steffensen på nye bybanen

KJAPP TUR: (Frå venstre) Arne og Kari Steffensen testar den nye bybanen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Lukrativ effekt

Den offisielle opninga med statsrådsbesøk og ordførar og fylkesordførar i bunad var fredag. Vanleg rutetrafikk startar måndag morgon.

Fylkesordfører Jon Askeland (Sp), samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og fungerende ordfører i Bergen, Linn Kristin Engø (Ap) under åpningen av linje 2 på Bybanen.

STOLTE: Frå venstre fylkesordførar Jon Askeland, statsråd Jon-Ivar Nygård og fungerande ordførar Linn Kristin Engø.

Foto: Charlotte Sanden / NRK

Dette er den andre bybanelinja i byen. Den første linja mellom sentrum og Bergen lufthamn vart opna i 2010 og har ført til store endringar langs bybanetraseen når det gjeld byutvikling og bustadbygging.

Prisane på bustadar langs linja har også auka, ifølgje professor Ola H. Grytten ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole.

Også når det gjeld næringsutvikling ser han ei utvikling.

– Det har hatt ein veldig positivt effekt, og mykje større enn eg såg føre meg. Arbeidskrafta kan ta bybanen dit, og bedriftene blir liggande sentralt, seier Grytten.

Sterkare press på eigedom

Linje 2 til bydelen Fyllingsdalen vil også føra til store omveltingar dei neste ti åra, trur direktør Tarje Wanvik i Plan- og bygningsetaten i Bergen.

Han peikar på at linje 1 har hatt ein enorm effekt på transportårene, med 75.000 passasjerar inn og ut av sentrum kvar dag.

Ein har dreia heile byen i retning sør og legg sterkare press på særleg eigedom.

I Fyllingsdalen er det derimot berre eitt bybanestopp, og ganske tett utbygd allereie, påpeikar han.

I det sentrale strøket trur eg det vil bli ein større dreiing frå næring til bustad. Så vil tida vise om vi bygger bybanen vidare mot Spelhaugen eller om utviklinga skjer først via Laksevåg.

Ventar 35.000 passasjerar

Ikkje alle har vore begeistra for utbygginga av bybane-linjene. Wanvik vedgår at kommunen ikkje har vore gode nok til å lytte til innbyggjarane i prosessane.

Her har vi som by og bysamfunn lært mykje undervegs, at dei første prosjekta nok ikkje var så omsynsfulle som dei burde ha vore. Vi er betre skikka i dag til å gjennomføre skånsam og god berekraftig byutvikling enn for ti-tjue år sidan, seier Wanvik.

No er prognosen at Fyllingsdalen-linja får 35.000-40.000 passasjerar dagleg i 2040, ifølgje kommunens prosjektleiar for Miljøløftet, Solveig Mathiesen.

Ifølgje Skyss ventar dei ein gradvis auke på same måte som dei har sett for bybanelinje 1, der veksten også har overgått tidlegare prognosar.

Tarje Wanvik og Solveig Mathiesen

Frå venstre direktør Tarje Wanvik og prosjektleiar Solveig Mathiesen.

Foto: Privat

Slår New York på fart

Kanskje vil det freista bergensarane ekstra at dei no får ein undergrunnsbane som kan slå Oslo og New York på fart med sine 70 km/t gjennom fjellet.

Men rett skal vera rett: Sjølv om «alle» meiner bybanen i Bergen har vore ein kjempesuksess, hadde t-banen i Oslo 119 millionar passasjerar og bybanelinje 1 (mellom Bergen sentrum og flyplassen) berre 18,7 millionar i 2019.

Etter koronapandemien hadde Oslo 55 millionar og Bergen 14 millionar i 2021.

New York har til samanlikning 5,7 millionar passasjer på undergrunnen per vekedag.

Bane til Vestlands største arbeidsplass

Uansett: Optimismen er stor når ein heil bydel no plutseleg får ein «highway til Torgallmenningen»: Turen tar 16 minutt gjennom fjellet, frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum via Haukeland universitetssjukehus, som er Vestland fylkes største arbeidsplass.

– Dette er ei heilt ny forbinding vi trur vil bli mykje brukt. Ikkje minst ligg Haukeland sjukehus midt på linja med tusenvis av arbeidsplassar, seier Mathiesen.

Kor kjem desse 40.000 daglege passasjerane frå. Er det tidlegare bilistar, eller folk som før tok buss?

– Det vi ser på linja til Flesland er at også bruken av buss aukar. Det er fordi vi utviklar heile kollektivsystemet med både bane og buss. Vi forventar at det også skjer med banen til Fyllingsdalen, seier Mathiesen.

Og til dei som fryktar å bli frost-faste når linje 2 set i gong for fullt: Bybanen AS forsikrar at dei skal køyre avising natt til måndag.

– Dette hadde vi ikkje gjort i natt. På kalde morgonar der temperaturen ligg rundt 0 grader kan det oppstå is, særleg på utsette stadar langs linja. Dette følger vi med på, seier Geir Østerfeldt i Bybanen AS til NRK.

Den nye bybane-linja mellom Bergen sentrum og Fyllingsdalen er klar.

Her får du heile turen frå sentrum til Fyllingsdalen, minutt for minutt.