Hopp til innhold

Den lovlege planta som kan lage livsfarleg gift

Dei har blitt brukt i eit spektakulært drap, skulle ta livet av Obama og utløyste denne veka storaksjon i Bergen. Kva er eigentleg kastorbønner?

Kristpalme (Ricinus communis)

KRISTPALME: Kristpalme vert dyrka i mellom anna Afrika og rundt Middelhavet. I Noreg er den for spesielt interesserte.

Foto: Andreas Früh / Wikimedia Commons

Det vart store overskrifter då eit heilt nabolag i Bergen vart sperra av måndag morgon.

Årsaka var at ei leilegheit måtte sanerast etter funn av det dødelege stoffet ricin og ei mindre mengde kastorbønner.

Mannen som bur i leilegheita har forklart til NRK at han ikkje ville bruke ricin frå kastorbønnene til å skade andre.

Leilegheita måtte både plomberast og vaskast grundig, og mannskap frå mellom anna politi, kommunen brannvesen og Sivilforsvaret deltok i den store aksjonen.

Paraplymord og drapsforsøk

Dette er ikkje første gong bønnene og den farlege gifta får merksemd.

  • I 1978 vart den bulgarske dissidenten og forfattaren Georgi Markov offer for det berømte «paraplymordet» i London.
  • Barack Obama vart utsett for drapsforsøk med det livsfarlege stoffet, då eit brev adressert til presidenten vart stoppa då det inneheldt ricin.
  • I 2011 døydde ein mann i Tromsø etter å ha laga stoffet frå kastorbønner.
Sivilforsvaret i nabolag for å sanere leilighet

STORAKSJON: Saneringa av leilegheita i Bergen var den første skarpe innsatsen for den mobile reinseeininga til Hordaland sivilforsvarsdistrikt nokosinne.

Foto: Cato Krisensen / NRK

Heilt vanleg prydvekst

Ricin får ein frå ein nokså vanleg prydblomster: kristpalmen.

Gifta kan hentast ut frå bønnene på planta, men må gjennom fleire kjemiske prosessar før den vert dødeleg.

– Det er ikkje forbode å dyrke planta, men den passar best i store hagar, og er nok for spesielt interesserte, seier Reidun Myking ved Arboretet og Botanisk hage i Bergen.

I 2007 vart planta fjerna frå gågata i Fredrikstad fordi kommunen ikkje ynskte å utsette folk for helserisiko. Myking fortel at ein likevel framleis finn kristpalmen i mange offentlege parkar.

Sel ikkje kristpalme lenger

Trass i at planta på ingen måte er ulovleg, er det få eller ingen norske blomsterbutikkar som sel kristpalme.

Hilde Poppe, gartnar hjå Plantasjen, fortel at dei slutta å selje planta for fleire år sidan.

– Vi vil ikkje selje produkt vi veit ikkje er bra. Det er ingen som har spurt om vi kan ta kristpalmen inn att, fortel ho.

Seniorforskningsteknikar Myking ved Arboretet fortel at dei ved fleire tilfelle har hatt kristpalme på utstilling.

– Planta i seg sjølv er ikkje så farleg, og bønnene har eit veldig seigt skal, så det skal mykje til for at ein får i seg gifta inni ved eit uhell, seier ho.

Ricin

KASTORBØNNER: På kristpalmen finn ein kastorbønner som kan brukast til å vinne ut det dødelege toksinet ricin.

Foto: Wikimedia/United States Department of Agriculture

Industri og avføringsmiddel

Ein må altså gå aktivt inn for å hente ut rein ricin frå kastorbønnene frå kristpalmen.

Fleire andre plantar i norsk flora er likevel farlegare å få i seg enn kristpalme og kastorbønner.

– Ein må få i seg minst ti bønner for at det skal vere dødeleg, seier Gudrun Høiseth, overlege ved Divisjon for rettstoksikologi og rusmiddelforsking ved Folkehelseinstituttet.

I andre delar av verda er kristpalme vanleg å dyrke for å vinne ut smørjeolje brukt i industri. I tillegg vert den brukt som lakserolje og i kosmetiske produkt.

Det er teke ut ei førebels sikting mot mannen i Bergen, og politiadvokat Elisabeth Ryen fortel at politiet no vil gå gjennom beslaga som vart gjort i leilegheita hans.

– Vi vurderer om det må gjerast nye avhøyr, seier ho.