Hopp til innhold

Han kosta 20 millionar – no vil politikarane stenga den tre år gamle barnehagen

Politikarane vil spare pengar, men foreldra protesterer.

Hovden barnehage

KAN GI NEDTUR: Senterpartiet og Arbeidarpartiet går inn for samlokalisering av to barnehagar i Gulen i ytre Sogn. – Kan snu den positive utviklinga i kommunen, meiner opposisjonen.

Foto: Gulen kommune

– Å legga ned barnehagen heng ikkje på greip, seier Bodil Baarøy til nettavisa porten.no.

Ho er foreldrerepresentant i samarbeidsutvalet i Hovden barnehage i Gulen i ytre Sogn.

– Det har til tider vore fullt belegg her, og til neste opptak går det mot full eller nesten full barnehage. Dersom den enno finst, seier Baarøy.

Bodil Baarøy

MISNØGD FORELDER: Bodil Baarøy er utilfreds med formannskapet sin innstilling om å legga ned Hovden barnehage. – Det heng ikkje på greip i eit område som dette, meiner ho.

Foto: Privat

Baarøy seier det er mange som buset seg i området og at det er gode tider for næringslivet, og at dette talar for at barnehagen bør få leva. Ho peikar også på at pendlarane til dei mange industribedriftene i området, mellom anna rundt raffineriet på Mongstad, vert skadelidande.

– Me kan forstå at kommunen ønskjer å spare pengar, men kvifor må det gå utover dei minste, spør ho i den lokale nettavisa.

Sp og Ap vil slå saman barnehagar

Formannskapet i Gulen kommune vedtok den 18. november å gå inn for nedlegging av Hovden barnehage.

– Meiningslaust, seier Ivar Eide frå Gulen Høgre.

Han og Kristeleg Folkeparti sin representant kom i mindretal då formannskapet skulle behandla forslaget frå administrasjonen om nedlegging av Hovden barnehage.

Med Arbeidarpartiet si eine stemme og Senterpartiet sine to stemmer, gjekk formannskapet inn for å samlokalisera Hovden barnehage med barnehagen i nabobygda 12 kilometer unna.

Eide trur at ei nedlegging vil gjera området mindre attraktivt å busetta seg i.

– Mange kjem til å få ein mykje lengre reiseveg om forslaget går gjennom, seier Eide.

Kommunestyret skal behandle saka 9. desember.

Sparekniven må fram

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp), røysta for administrasjonen sitt forslag om leggja ned barnehagen.

Eg var klar over at det ville komma sterke reaksjonar, seier han.

Hallvard Oppedal

HAR SPAREKNIVEN FRAMME: Senterpartiordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, gjekk i førre veke inn for å legga ned ein tre år gammal barnehage. – Eg forventa sterke reaksjonar, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samstundes er han klar på den pressa kommuneøkonomien gjer at dei må kutta kostnadar. Ved å stoppa drifta av Hovden barnehage vil kommunen spara 2,1 millionar kroner i året.

Han er likevel open for at barnehagen får leva vidare, i alle fall eitt år til.

– Håpet er at det på den tida kjem fleire barn til, seier ordføraren.