Den første byantikvaren i fylket

Arkitekt og kunsthistorikar Hallvard Trohaug (47) er mannen som skal ta vare på og utvikle kulturminna og dei verna historiske bygningane i Lærdal og i Indre Sogn.

Byantikvar Hallvard Trohaug

Den nye byantikvaren i Lærdal og indre Sogn, Hallvard Trohaug, ønskjer å ta vare dei unike trehusmiljøa i Sogn og samstundes fylla dei med liv. Her i «Gamlebanken» på gamle Lærdalsøyri held i dag kulturskulen i kommunen til.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det som er så unikt med trehusmiljøet på Lærdalsøyri er at nesten alle typar gamle bygningar er representert, seier den nyslåtte byantikvaren Hallvard Trohaug.

Han står blant dei særmerkte husa på gamle Lærdalsøyri. Rundt 160 trehus er verna her. Det er desse husa Trohaug no skal få ansvar for.

– Å gå inn i ei slik oppgåve er veldig spennande. Eg har budd her i meir enn 20 år og alltid hatt ei interesse for gamle hus, seier han.

Trohaug fortel at Lærdal var på veg til å bli by på midten av 1800-talet og hadde dei fleste byfunksjonane.

– Det var mange handelsborgarar frå Bergen som etablerte seg, og tok også med seg denne byggestilen frå byen. Men vegg i vegg finn vi bygg som er bygd i den stilen gardshus hadde i Lærdal.

Reporter Noralv Pedersen møter den nye byantikvaren på Lærdalsøyri.

(Artikkelen held fram under biletet)

DET HISTORISKE LÆRDAL

DET HISTORISKE LÆRDAL: I alt 161 hus på Lærdalsøyri er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eitt av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Norge.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skal få fart på brannsikring

Det er snart eit år sidan 42 bygningar gjekk tapt i storbrannen som gjorde 71 lærdølar heimlause. Å få fart på brannsikringa av dei historiske husa på gamle Lærdalsøyri blir ei stor oppgåve for byantikvaren.

– Her i det verna området hadde vi starta eit brannsikringsprosjekt med branndetektorar og sprinkelanlegg.

– Men det er klart at det er ein vekkar når ein ser kor raskt ein brann kan spreie seg. Det har ført til at riksantikvaren igjen har gjeve midlar til brannsikring for å halde fram prosjektet som var starta, seier Trohaug.

Ved den historiske Løytnantsbryggja fortel byantikvaren om brannsikring:

Hallvard Trohaug fortel om brannsikring av dei gamle bygningane.

Fortidas Håbakken

Løytnantsbryggja

LØYTNANTSBRYGGJA: Nye sprinklaranlegg skal sikra den historiske Løytnantbryggja på gamle Lærdalsøyri mot brann.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Om Løytnantsbryggja skulle begynne å brenne så står ein del av samferdslehistoria på spel. Det var på Løytnantsbryggja at ein gjekk over i båt dersom ein skulle vidare til Bergen frå Austlandet.

Dette er fortidas Håbakken for å seie det slik, ler Trohaug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vasspost, Lærdal

VASSPOST: Lærdal kommune har på gamle Lærdalsøyri montert 300 branndetektorar som er kopla opp mot ein sentral i Lærdal og til hovudbrannsentralen i Florø. Og det er, som her, sett opp vasspostar som vanlege folk kan bruke for å sløkke ein eventuell brann.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Liv i bygningane er viktig

– Det er viktig å spele på lag med bebuarane og eigarane. Ein skal tilpasse bygga slik at det går an å bu i dei i dag. Samstundes sin ein skal ta vare på det unike ved Lærdalsøyri.

Å få til dette i fleire verneverdige trehusmiljø i Indre Sogn er ei krevjande oppgåve han no har fått i fanget.

– Det viktigaste er at det er liv i bygningane. Vi klarar ikkje å forsvare vern dersom alt skal vere museum, avsluttar den ferske byantikvaren.

Den såkalla 'Gamlebanken' er eit døme på at nettopp vern og bruk kan sameinast.