Hopp til innhold

Den blå steinen i Bergen vart rosa

Den blå steinen er den mest kjende møtestaden i Bergen. Fredag vart han rosa. Men er det heile eit utspekulert marknadsføringsstunt? 

Ei gruppe som kallar seg GoBergen tar på seg skulda for forvandlinga.

- Me har teke eit viktig symbol. Dette handlar ikkje om politiske motiv. Me har ingenting imot Bergen kommune eller andre offentlege organ, forsikrar GoBergen i ei pressemelding.

«Den blå stein» er ein ni meter lang steinskulptur plassert i hjartet av Bergen sentrum, meir nøyaktig i området mellom Torgalmenningen og Torggaten.

Steinen er kanskje den mest kjende og brukte møtestaden i byen. 

"Den rosa steinen"
Foto: MMS: Terje Jacobsen / NRK

Ifølgje GoBergen er det snakk om ein økonomisk protest, og dei lovar at det vil kome meir frå deira kant.

- Det er snarere ein økonomisk protest, og me kjem til å halda fram revolusjonen med ein sterk, fluoriserande rosafarge i Bergen, lovar revolusjonistene.

Skal få fram smilet hos bergenserane

Spørsmålet er likevel om dette er resultatet av eit godt utspekulert marknadsstunt. Pressemeldinga er nemleg sendt i namnet til marknadsdirektøren i Combitel, Aleksander Helmersberg.

Combitel fører tenester innanfor telekommunikasjon og breidband.

Helmersberg sjølv avviser dette overfor NRK.

- Det er ikkje Combitel som står bak. Kva det heile handlar om, vil me seie meir om i morgon.

rosa stein2
Foto: Ingvild Hansen

Det er eit rosa trekk som er lagt over og nærast klistra på steinen. Ein representant frå Grøn etat i Bergen kommune var i føremiddagstimane i gang med å fjerne trekket. Helmersberg lovar å bidra.

- Me skal sjølve vere med på å fjerne det. Det er heller inga tagging eller skravering her, så det skal gå bra.

Ifølgje Helmersberg er meininga med aksjonen å få fram smilet hos bergenserane.

- Dette er ikkje hærverk, og me vil ikkje nokon noko vondt, seier Helmersberg, som lovar at bergenserane vil få endå større grunn til å smile i morgon.

Politiet ikkje informert

Politiet i Bergen var ikkje informert og klar over fargeforvandlinga då NRK Hordaland snakka med dei klokka halv ti fredag føremiddag.

- Nei, dette kjenner eg ikkje til, seier Bjørn Johnsen ved Bergen sentrum politistasjon.

Difor har politiet heller ikkje teke stilling til om dei skal gjere noko i høve til aksjonen.

- Vi får sjå litt på det og deretter vurdere om det skal gjerast noko.