I januar 2022 vart Hoda Khamosh invitert til Noreg for samtaler om rettane til kvinner i heimlandet Afghanistan i Oslo.
Khamosh var ikkje ein tilfeldig gjest. Ho var kåra til ein av dei viktigaste personane i verda av både Time Magazine og BBC.
Ho seier at ho ikkje forstod kor store konsekvensar møta ville få.
Ved møtebordet i Oslo protesterer ho mot løgner frå Taliban. Ho krev fridom for fengsla aktivistar.
Ho blir ein farleg motstandar. Og eit mål for Taliban.
Det blir for farleg å reise heim. Slik ho såg det var hennar einaste mogelegheit å søke asyl i Noreg.
Representantar frå Taliban vart flydde til Noreg i januar i fjor. Dei vart invitert hit og Utanriksdepartmentet betalte for reisa deira.
Foto: Utenriksdepartementet i KabulI asyl-limbo
Over eit år seinare bur Hoda Khamosh på eit asylmottak aust i Noreg. Ho ventar framleis på at asylsøknaden skal bli godkjend etter at ho søkte i august.
– Eg har mista plattforma mi. Kvinner i Afghanistan stolte på at eg skulle vere stemma deira. Eg føler eg har misbrukt tilliten deira når eg sit fanga i Noreg, seier ho.
Khamosh vert inviterte til konferansar over heile Europa, men som asylsøkar kan ho ikkje forlate landet.
Kristine Aarre Hånes jobbar som advokat for Khamosh. Ho har fleire gongar purra på UDI i denne saka. Ho meiner norske styresmakter handlar særs kritikkverdig i denne saka.
– Konsekvensen av at ho enno ikkje har fått asyl er at ein viktig stemme for kvinner sine rettar i Afghanistan delvis har blitt knebla, seier Hånes.
Kristine Aarre Hånes i RettAdvokat.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKHånes seier at sjølv om det ikkje har tatt uvanleg lang tid å behandle denne asylsøknaden, er det gode grunnar til ein rask behandling i denne saka.
– Min klient har krav på asyl. Det var norske styresmakter som sette henne i fare ved å invitere henne til eit møte der ho talte Taliban mitt i mot.
Ingen kommentar frå styresmaktene
NRK har bedt om ein kommentar frå både utanriksdepartementet og UDI i denne saka.
UD seier dei meiner Khamosh er ei særs viktig stemme frå Afghanistan, og at ho difor vart invitert til landet.
Som ei saksopplysning informerer dei om at dei fem andre sivile som var inviterte til møta har reist attende til heimlandet.
Dei vil ikkje la deg intervjue fordi det er UDI som har ansvaret for asylsøknader.
UDI er fritekne frå tausheitsplikta i saka, men vil ikkje stille til intervju.
Deira einaste kommentar er at dei ikkje kan kommentere fordi asylsøknaden ikkje er ferdig behandla.
Familien i fare
Medan Hoda Khamosh ventar på svar på asylsøknaden, er ho uroleg for at Taliban leitar etter familien hennar.
Ho fortel at dei for to veker sidan oppsøkte bestefaren i butikken hans. Han vart slått og mishandla. Han døydde etter to veker på sjukehus.
Hoda Khamosh på biblioteket i Kongsvinger
Foto: Arne Sørenes / NRKResten av familien lever no i skjul.
– Eg er særleg redd for søstrene mine og for mannen min. Han har fått mange truslar.
Om asylsøknaden vert godkjend kan Khamosh søke om å få dei til Noreg.
Då kan ho og halde fram å kjempe for menneskerettar i Afghanistan.
– Eg slåst for mine eigne rettar. Rettane til folket mitt. Dei lever med kriminalitet og blod. Alle har rett til eit fredeleg liv i eit fredeleg land.
Ho som kom til Noreg for å kjempe for heimlandet opplever no å stadig bli meir gløymd og meir meiningslaus tusenvis av kilometer heimanfrå.