Hopp til innhold

Demonstrasjonar over heile Noreg mot uverdige forhold i flyktningleirar

TORGALLMENNINGEN (NRK): I Bergen rulla demonstrantane ut ei 13 meter lang liste med namn på menneske som har mista livet i forsøk på å nå Europa.

Hanne Heszlein-Lossius folkeaksjon for flyktninger Torgallmenningen

BESØKTE FLYKTNINGLEIR: – Historia blir skriven no, og ingen kan seie at vi ikkje visste. For vi veit. Vi veit veldig godt at vi ikkje hjelper dei der dei er, sa Hanne Heszlein-Lossius i appellen på Torgallmenningen.

Foto: Marit Stensby / NRK

Forholda i flyktningleiar i Hellas er så dårlege at barn ikkje bør bu der, meiner norsk lege.

Allereie i september bad Leger Uten Grenser om at leirane skulle stengast, og nyleg refsa ein rapport frå hjelpeorganisasjonen Oxfam EUs behandling av migrantane i flyktningleiren Moria på Lesvos.

Laurdag er det markeringar mot bruken av leirane, blant anna i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Kristiansand, Mandal og på Stord.

– Kravet vårt er at barnefamiliane må bli evakuerte ut av dei inhumane forholda dei lever under nå, seier lege Hanne Heszlein-Lossius, som nyleg har vore i Moria-leiren på Lesvos.

Heszlein-Lossius trekte fram dei sterke opplevingane då ho heldt appell under demonstrasjonen på Torgallmenningen laurdag kveld.

– Historia blir skriven no, og ingen kan seie at vi ikkje visste. For vi veit. Vi veit veldig godt at vi ikkje hjelper dei der dei er, sa ho.

Fra flyktningleiren i Moria, Lesvos tatt av legen Marco Nardelli

SKITTENT: Det er dårlege sanitære forhold og sjukdommar spreier seg raskt i Moria-leiren, ifølgje hjelpeorganisasjonen Oxfam.

Foto: Marco Nardelli

– Det er iskaldt

Ifølgje arrangørane er det forteljingane til Heszlein-Lossius og andre norske helsearbeidarar frå leirane som er bakgrunnen for markeringane i ei rekkje norske byar laurdag.

Som ein del av flyktningavtala mellom EU og Tyrkia samlast asylsøkarar i leirar som Moria. Det kjem stadig nye flyktningar og migrantar til leiren, som no husar 5000 menneske.

Heszlein-Lossius meiner det hastar å få barn ut av denne og andre liknande leirar.

Lossius, Tvedten og en tredje lege

LEGAR: Hanne Heszlein-Lossius (t.v.) frå Bergen og Anne Cecilie Tvedten frå Skien var nyleg i flyktningleiren Moria.

Foto: Privat

– Nå er det vinter, og det er iskaldt. Folk bur i telt, slike norske sommartelt som vi aldri ville budd i med våre ungar på vinterstid. Det er heller ikkje alle som har varme soveposar eller teppe og dyner.

Ho fortel at det også er ekstremt dårlege sanitære forhold, og avgrensa tilgang på medisinsk hjelp.

– Noreg må gå fyrst og, saman med resten av Europa, vise mot og politisk vilje til å gjere noko med situasjonen.

13 meter lang liste

Under markeringa i Bergen rulla dei ut ei 13 meter lang liste med namn på menneske som har mista livet medan dei freista å ta seg til Europa.

Ifølgje arrangørane er det mellom 25.000 og 30.000 namn på lista.

– Vi rullar ut lista for å vise omfanget av flyktningkrisa, seier arrangør Camilla Ahamath i Folkeaksjonen for flyktningar.

Lege Hanne Heszlein-Lossius er glad for at det har kome i stand markeringar fleire stader i landet.

– Eg trur det er eit uttrykk for at det er eit enormt engasjement blant folk i Noreg. Det viser at folk bryr seg når så mange bruker laurdagen sin på å seie at det ikkje er greitt at desse menneska sit i leirane.

Flyktningmarkering på Stord

STORD: Eit femtitals personar samla seg til markeringa på Stord laurdag ettermiddag.

Foto: Trine Gravdal

Flyktningdemonstrasjon Torgallmenningen

OVER 34.000 DØDE: På Torgallmenningen i Bergen møtte fleire hundre menneske fram til demonstrasjon mot uverdige tilhøve i flyktningleirane. Ei 13 meter lang liste med namn på menneske som har mista livet medan dei freista å ta seg til Europa blei rulla ut.

Foto: Marit Stensby / NRK